Hopp til innhold

Her er påskequizen for 13. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Konsernsjefen i Hydro jobba tidleg i si karriere som prosjektleiar ved verket i Årdal. Kva heiter han? Vi vil ha etternamnet.
  2. Sogndal Fotball signerte like før påske kontrakt med ein svensk 30-åring. Kva heiter han? Vi vil også her ha etternamnet.
  3. To karar frå Florø fekk i desember fylket sin gründerpris for ungdom. Kva heiter bedrifta?
  4. Frå kva kommune kjem Høgre sin nye førstekandidat til Stortinget?
  5. Den kjente TV2-programleiaren Solveig Barstad har tidlegare jobba blant anna i NRK Sogn og Fjordane. Veit du kven ho er gift med? Vi vil ha etternamnet.
  6. Kor mange fylke grensar Sogn og Fjordane til i dag? Skriv svaret med bokstavar.
  7. Ein spesiell type skinnsko frå Sogn har i år fått plass i eit av dei største motemagasina i verda, italienske Vogue. Kva sko er det?
  8. Kva kommune i Sogn og Fjordane er nest minst i areal?
  9. Kor mange medlemmer har fylkestinget i Sogn og Fjordane? Skriv svaret med bokstavar.

OBS: I dag må du legge inn eit mellomrom mellom spørsmål 3 og 4.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!