NRK Meny
Normal

Her er påskequizen for 11. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Ei 36 år gamal kvinne frå Bremanger toppar Framstegspartiet si liste i Sogn og Fjordane før stortingsvalet til hausten. Kva heiter ho? Vi vil ha førenamnet.
  2. I år er det 200 år sidan driftekaren Erik Høyheim frå Luster ifølgje segna vart drepen då han var på veg heim frå Austlandet. Ein student frå Westerdals har i vinter laga film om mordgåta. I kva kommune skjedde drapet?
  3. Ap-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy var statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet frå desember 2012 til april 2013. Kven var næringsminister då? Vi vil ha førenamnet.
  4. Kjendiskokken Lars Barmen frå Selje vart slått ut av TV2-programmet "Farmen Kjendis" av ein skodespelar. I kva barnetv-serie vart vedkommande kjent gjennom?
  5. Anne Karin Hamre tok i 2011 over etter Oddvar Flæte som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Før Flæte sat det ein hordalending i rolla frå 1976 til 1994. Kva heitte han? Vi vil ha etternamnet.
  6. KrF har den yngste førstekandidaten i Sogn og Fjordane før stortingsvalet. Kva heiter han til etternamn?
  7. I midten av januar var det stor ståhei i Førde fordi ein ny bil kom til byen. Dette er den første av sitt slag i Sogn og Fjordane. Kva type bil er det snakk om?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy