Normal

Her er påskequizen for 10. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. I mars skulda transportnæringa og politikarar i Sogn og Fjordane ein statsråd for å drive med Ole Brumm-politikk. Kva minister var det? Vi vil ha førenamnet.
  2. 40 år etter at Jan-Ketil Smørdal byrja med balansekunst heime på garden, er han i år tilbake i manesjen. Kva heiter sirkuset hans? Cirkus?
  3. Fleire av ordførarane i fylket er også bønder. Ordføraren vi vil ha namnet på styrer ein kommune der det ligg ein flyplass med namn etter nabokommunen. Vi vil ha etternamnet til denne ordføraren.
  4. Den administrerande direktøren på Selje Hotell har i avhøyr vedgått at han køyrde eins ærend til Selje for å setje fyr på hotellet. Kvar køyrde han frå?
  5. Kva heiter trioen som var nominert til Spellemann i open klasse for plata «Det andre rommet»?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Vegopning på Bergum i Førde kommune