Hopp til innhold

Her er oljekrisa definitivt over

FLORØ (NRK): Under oljekrisa forsvann halvparten av arbeidarane på Fjord Base i Florø. No går dei mot eit rekordår i 2019.

PGS si nye hamn i Florø, Fjord Base

NYOPNA: Dronebilete av den nye hamna til PGS Geophysical i Florø.

Foto: Jim Heldal

Det er god stemning i Florø i dag når PGS Geophysical si nye hamn for skip og materiell opnar på Fjordbase.

– Vi er svært stolte over å ønske PGS velkomen hit. No får me ei vekst der me nesten doblar aktiviteten. Det seier konsernsjef Geir Johannessen i INC Invest.

PGS Geophysical er eit seismikkfirma som samlar inn ny seismikk og sel vidare data til oljeselskap. Desse data brukast for å leite etter olje og gass, eller for å auke produksjon. Bedrifta samlar data som viser 3D-bilete av jorda som vidare tolkast av geologar og fysikarar i oljeselskapa.

Offisiell opning

ENDELEG OPNA: Konsernsjef Geir Johannessen i INC Invest (t.v.) opnar den nye hamna saman med Per Arild Reksnes i PSG.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ferdig på eitt år

Frå oljekrisa i 2014 har dei hatt tunge år ved fjordbasen, der nesten halvparten av arbeidarane måtte gå. Likevel valde dei å investere.

– Dei siste to åra har me sett at mykje vil skje, og det neste året vil me ha eit år med mest aktivitet sidan 2014. Det at PGS flyttar hit, gjer at også annan type verksemd er på plass på basen, seier Johannessen.

Ifølgje petro.no, var 2017 eit år med rekordlåg aktivitet for Fjord Base med 1300 skipsanløp mot 2300 i toppåret 2014.

Avtalen med PGS har ein verdi på over 100 millionar kroner for basen.

Minst ti år

Per Arild Reksnes, som er leiar for operasjon og teknologi i PGS, tykkjer dette er ein merkedag for bedrifta.

– No har vi flytta baseaktivitetar frå Bergen til Florø. Dette blir viktig for å halde båtane i gang utan problem. Me har éin stor base i verda, og no er den i Florø.

PGS har no signert ei kontrakt som held dei i Florø i ti år i fyrste omgang med moglegheit for å forlenge. Dei ser heller ikkje slutten på kontrakten etter den fyrste omgangen.

– Me enda opp i Florø fordi det er mest kostnadsriktig og effektivt. Her fekk me heile pakken i et sett på Fjord Base.

Betyr mykje for næringslivet

Ordføraren i Flora kommune, Ola Teigen, tykkjer PGS er eit symbol på oppturen i oljenæringa med at dei i dag opnar si nye hamn på basen.

Geir Johannessen, Ola Teigen og Per Arild Reksnes

FORNØGDE: Geir Johannessen, Ola Teigen, og Per Arild Reksnes med store smil for dagens opning.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det er fantastisk inspirerande. Kystnæringar har bølgedalar og bølgetoppar. Når eg byrja som ordførar, nærma det seg botnen i oljekrisa og mange hadde mismot. Men no peiker pilane opp, og for fjordbasen ser det veldig lovande ut.

Han seier også at det er naturleg at dette vil gje positive ringverkingar for det lokale næringslivet.

– Alt henger jo saman. All aktivitet som skjer her i Florø genererer meir aktivitet for lokallivet, og det betyr mykje for heile Flora-samfunnet