Hopp til innhold

Sogndal tjuvstartar 2012-sesongen

Når Sogndal i dag avsluttar 2011-sesongen mot Molde, blir det med neste års drakter.

Eldar Skjeldestad Åsebø med dei nye Sogndal-draktene.

NY VRI: Sogndal Fotball møter Molde i neste års drakter. - Det blir spanande å sjå korleis det slår ut, seier Eldar Skjeldestad Åsebø.

Foto: Privat

Medan dei fleste andre klubbar tviheld på slike løyndomar, tek Sogndal Fotball neste års drakter i bruk allereie mot serieleiaren.

– Det er eit lite stunt for å vise publikum kva vi spelar med. Dei er ganske like neste års modell, så vi har ikkje sett poeng i noko stor avduking i år, seier prosjektleiar i klubben, Eldar Skjeldestad Åsebø.

Merkar skilnad

Draktene skil seg ikkje stort frå dei spelarane har spelt i så langt i år. Skjeldestad Åsebø trur både spelarar og publikum vil merke skilnaden.

– Det er litt fleire svarte detaljar på skuldrene, så publikum vil nok sjå den. I tillegg «pustar» den mykje betre, noko som spelarane vil merke som ei positiv forbetring, seier han.

– Så du trur dei vil springe lengre og fortare?

– Ja, det kan hende dei spring nokre kilometer lenger enn sist, ler prosjektleiaren.

– I dag vil vi også heidre alle i Sogndal. Midt på brystkassen har vi limt på emblemet "Norges beste utestad", legg han til.

Tek farvel

Det meste er avgjort for Sogndal og Molde sin del når spelarane entrar Fosshaugane i kveld. I saftbygda er det også allereie klart at trenar Harald Aabrekk og fleire av spelarane ikkje får vere med inn i 2012-sesongen .

Medan supporterane i Saftkokaradn vil takke på sin måte , vil også klubben markere at partane går kvar sin veg.

– Det blir ei blomeoverrekking før kampen til dei som reiser frå oss, seier Skjeldestad Åsebø og håpar på kring 3 500 tilskodarar når seriemeistrane kjem til Fosshaugane i kveld.

– Det er ikkje kjempeflott ver no, men regnet skal gi seg i 16-tida. Vi håpar på ei flott råme i serieavslutninga.

LAGET: Joe Bendik, Vegar Gjermundstad, Isak Scheel, Even Hovland, Per Egil Flo, Taijo Teniste, Henrik Furebotn, Elvis, Tonny Brochmann, Ulrik Flo, Tore André Flo,

BENKEN: Kenneth Udjus, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Espen Næss Lund, Ruben Holsæter og Eirik Skaasheim.