Hopp til innhold

Her er Ndure tilbake på bana etter rettssaka

FLORØ (NRK): Jaysuma Saidy Ndure fekk ein god sesongdebut i Florø, men sprinteren har framleis eit stykke fram mot OL-forma.

Jaysuma Saidy Ndure spring inn til siger på 100 meter i sesongopninga innandørs i Florø.

SESONGOPNING: Jaysuma Saidy Ndure vann begge løpa sine i sesongopninga, trass ein ikkje optimal opplading og rettssak. Foto: Rune Fossum

Florø Indoor Games vart Ndure sin første konkurranse i år etter ei tøff oppkøyring. Det vart to sigrar på 60 meter og 100 meter, men forma er ikkje der den har vore.

– Kroppen var ikkje i stand til å springe slik eg vil. Den har eg ikkje vore den same dei siste vekene, eg har vore sliten, men eg håpar det blir betre og betre framover, seier han.

«Eg elskar dette!»

Sist veke stod sprintaren for retten i Nedre Romerike tingrett, tiltalt for fleire tilfelle av vald mot ein tidlegare sambuar. Førebels er rettssaka utsett på ubestemt tid på grunn av tvil om bevis.

Etter ein periode vekke frå trening var han tilbake på bana, og det til sesongdebut i Florø, der Ndure har sett bestenotering på 10,19 på det lynraske innandørsdekket.

– Det var veldig godt å komme tilbake. Og Florø er ein av dei beste friidrettsarenaene som finst i Norge. Eg elskar dette. Det er berre perfekt, seier ein blid Ndure.

Ikkje lett å leggje rettssaka bak seg

Løparen som er den einaste nordmannen som har sprunge 100 meter utandørs på under 10 sekund, sprang i dag på 10,49. Karsten Warholm tok andreplassen på 10,58, medan florøværingen Øyvind Kjerpeset sprang inn til tredjeplass med tida 10,80.

På 60 meter sprang Ndure på 6,76 sekund, og vann også der komfortabelt. Likevel sit rettssaka framleis i beina til Ndure.

– Her har eg ikkje tenkt noko på det, men det er ikkje lett å leggje det bak seg. Du ser ting i media og folk vil snakke om det. No er fokuset på å trene og gjere alt så godt eg kan for at det skal bli betre tider frå neste veke og framover.

Jaysuma Saidy Ndure vann 60-meteren i Florø.

RASK: Jaysuma Saidy Ndure vann 60-meteren på 6,76 sekund. Foto: Rune Fossum

Siktar høgt i OL

Dermed har ikkje det norske sprinttalentet fått den beste oppkøyringa fram mot OL i Rio til sommaren, men han er uansett ved godt mot.

– Vi har framleis god tid, og eg har gjort det mykje betre. Treninga gjekk veldig bra både på Tenerife og i Sør-Afrika, men så kom rettssaka og kroppen begynte å merke at den var litt tung. Men etter kvart kjem eg tilbake, seier han.

At det blir OL er han ikkje i tvil om. Og han siktar høgt.

– Eg vil gjerne springe i finalane. Det er mitt største mål, og klarar eg det så er eg veldig nøgd. Trenaren fokuserer mest på 200-meteren, men eg vil springe veldig fort på 100-meteren også, så vi får sjå.