NRK Meny
Normal

Her er mykje av Sogn og Fjordane si historie skrive

LEIKANGER (NRK): Etter 250 år blir Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman på nytt. Men Leikanger held fram å vere ein viktig fylkeshovudstad, slik det har vore i over 150 år.

Fylkesmannsbustad i 100 år

FYLKESMANNSGARD: Dette var bustaden for Sogn og Fjordane sine fylkesmenn i 120 år. Bygget med raudt tak var kontoret.

Foto: Knut Henning Grepstad

Etter at Sogn og Fjordane, den gong «Nordre Bergenhus Amt», blei eiget fylke i 1763, flytta fylkesmannsembetet rundt i fylket før jobben landa i Leikanger. På ein fruktgard budde og arbeidde Sogn og Fjordane sine fylkesmenn i over hundre år, heilt frå 1862 til ut på 70-talet.

– Å drive garden var ein del av oppgåvene ein hadde som fylkesmann. Det var ein del av tilsettingsvilkåra, seier tidlegare fylkeskommunalt tilsett, Knut Henning Grepstad.

«Amts Contor»

Amtskontoret som ligg på fylkesmannsgarden blei sett opp i 1851 og var det første administrasjonsbygget i Leikanger.

Der hadde fylkesmenn kontoret sitt frå 1862 til 1939 og Grepstad meiner det har vore uvurderleg for Sogn og Fjordane og Leikanger at ein fekk denne kompetansen dit for 150 år sidan.

Knut Henning Grepstad

AMTS CONTOR: På det gamle kontoret heng bilete av fylkesmenn på rekke og rad. Knut Henning Grepstad mimrar over all historie som ligg i veggane der.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– For Leikanger har lokaliseringa av fylkesmannen har det hatt all betydning. Utan å ha den kompetansen som fylkesadministrasjonen utgjer her, ville Leikanger vore ei fruktbygd med litt småindustri, seier Knut Henning Grepstad.

Bergenhus Amt

KART: Kartet på veggen i Amts kontor, viser korleis Bergenhus Amt såg ut i 1668.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ifølge Grepstad er Leikanger den einaste staden i landet der fylkesadministrasjon og andre sentrale administrasjonar er lagt til ei lita bygd. I resten av landet er desse plassert i byar.

Etter 250 år som eige fylke skal Sogn og Fjordane på nytt skrive framtidig historie samen med Hordaland. Men tradisjonen for å ha fylkesmannsembetet på Leikanger, held fram.

– Det er historisk og veldig flott at dette blir teke vidare, seier Grepstad.

På Leikanger blei kommunekartet til

På Leikanger blei kommunekartet for Noreg, slik det blei vedteke i 1964 teikna. Skei-komiteen under leiing av fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nicolai Skei, teikna inn dei norske kommunane slik dei i hovudsak har vore i 53 år. 8. juni i år, blei også kommunekartet slik vi kjenner det i dag, forandra.

– Det største livsverka til Nicolai Skei blei endra då Stortinget vedtok det nye kommunekartet for Noreg.

Historie i veggane

Sidan den siste fylkesmannen fekk nytt kontor i 1939 stod bygget og forfall. I høve fylket sitt 250-års jubileum i 2013, blei Amtmannen sitt kontor restaurert og gjort om til museum. Der kan ein no sjå dei eldgamle kontormøblane, og på veggen heng portretta av alle avtrappa fylkesmenn.

Amts contor i Leikanger

HISTORISK: I dette bygget hadde fylkesmenn kontor fram til 1939.

Foto: KNUT HENNING GREPSTAD

Kommunen kjøpte garden på 70-talet, og huset som ein gong var bustad for ei rekke fylkesmenn, blir no brukt til kommunal barnehage.

– Framtidige byråkratar har såleis rike tradisjonar for jobbar i regionhovudstaden i veggane, seier Grepstad

Stortingsvedtak om vestlandsregionen
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast