NRK Meny
Normal

Her er landslagstrioen på Sogndal-trening

Det høyrer til sjeldanheita. Her poserer tre norske A-landslagsspelarar på Sogndal-treninga.

Gustav Valsvik, Mathias Dyngeland og Even Hovland

LANDSLAGSUTTAK: Gustav Valsvik, Mathias Dyngeland og Even Hovland er alle landslagsspelarar. Berre Dyngeland er Sogndal-spelar, men torsdag trena dei alle med Sogndal.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Søndag reiser tysklandsproffen Gustav Valsvik frå Vik, klubblause Even Hovland frå Vadheim og Sogndal-keeper Mathias Dyngeland på samling med «våre beste menn».

I dag deltok alle på Sogndal-treninga.

– Eg kasta meg med på restitusjonsøkta då eg først var her. Elles skal eg vere heime i Vik og samle overskot til landslagssamlinga, seier Gustav Valsvik.

Over eitt år med fotball

Even Hovland på trening i sogndal 2

GAMLE TRAKTER: Even Hovland spelte fem sesongar for Sogndal, før overgangen til Molde og seinare Nürnberg.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Hovland har fått smått med speletid i tyske Nürnberg og brukar treningane med gamle lagkameratar i Sogndal til å halde forma ved like inn mot landslagssamlinga.

– Eg må halde fotballforma ved like. Eg kan ikkje legge meg på latsida, fortalde Hovland til NRK før helga .

Det blir nok fleire Sogndal-treningar også for Valsvik, før han returnerer til Tyskland for å lade opp til ein ny sesong på nest høgaste nivå.

Vikjen starta sesongoppkøyringa i fjor med Strømsgodset. Same sommaren vart han seld til tyske Eintracht Braunschweig. Der slutta sesongen i helga.

Gustav Valsvik

HEKTISK: – Eg kan telje på ei hand kor mange kampar og treningar eg ikkje har vore delaktig i dei siste 16 månadane. Det har vore ei tøff belastning på kroppen, seier Gustav Valsvik.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg har spelt fotball 16 månader i strekk og har ikkje hatt skikkeleg ferie. Det tærer på både kropp og hovud. Siste tida har eg måtte samle kroppen før kvar kamp for å halde ut, så det gjer godt med litt fri, seier midtstopparen med fortid i nettopp Sogndal.

Merkar temposkilnad

Sogndal sin landslagsuttekne sisteskanse tykte det var kjekt med besøk frå framtidige landslagskameratar.

– Det er to karar med ganske mykje rutine og erfaring, og du merkar på tempoet at dei spelar på eit høgare nivå, seier Dyngeland.

Mathias Dyngeland

KEEPER: Mathias Dyngeland er 21 år gamal, men har vore i Sogndal i fem år. No får han sjansen til å prøve seg på landslaget.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Fekk du nokre gode råd om kva som ventar deg på landslagssamlinga?

– Nei, men eg kjem nok til å spørje dei om det er noko eg lurer på. Eg kjenner begge ganske godt frå før, men så er også Lagerbäck ein fersk trenar også for dei.

Gler seg til landskamp

Neste laurdag spelar Norge heimekamp mot Tsjekkia, i det som, sett med norske auge, er ein ubetydeleg VM-kvalifiseringskamp. Tre dagar seinare ventar «söta bror», Sverige.

Sjølv om det har blitt mange månader med fotball, ser Valsvik fram til å vere del av landslagstrenar Lars Lagerbäck sitt andre landslagsuttak.

– Det er veldig kjekt å kome med i troppen, og få tankane over på litt andre ting, seier Valsvik og siktar til opprykket som glapp med klubblaget.

Gler seg over Dyngeland

– Sjølv om vi ikkje har så mykje å spele for mot Tsjekkia blir det bra samle gruppa og få fram det Lagerbäck vil ha av laget.

Mest overraskande var nok uttaket av keeper Dyngeland.

– Det er kjempekjekt for Sogndal og for Dyngeland. Han er ein ung keeper, og får lov til å vere med å trene med Jarstein på landslaget. Så det trur eg blir veldig god erfaring, seier Valsvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.