Hopp til innhold

Her er landets grønaste kommune

Gloppen kommune er den grønaste kommunen i landet.

Video nsps_upload_2009_9_15_18_43_17_1724.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Iallefall om ein ser på den politiske oppslutnaden etter stortingsvalet måndag.

- Mykje godt

Ein audmjuk ordførar, Anders Ryssdal, viser til lange tradisjonar med eit sterkt Senterparti, og, ikkje minst, Liv Signe Navarsete- og Erling Sande-effekten. Sistnemnde er i ferd med å føre opp hus i bygda.

- Dei har gjort mykje godt for kommunen vår, seier han og nemner flyplassen på Anda, E39, grøne sertifikat på kraft og ny kraftline gjennom fylket.

Fram 11,1 prosent

Partiet fekk måndag 46,8 prosent av røystene. Det er ein framgang på 11,1 prosent i høve førre stortingsval. Det var likevel ein tilbakegang på 13 prosent i høve kommune- og fylkestingsvalet for to år sidan.

- Sp i Gloppen har ligge på 30-talet ved stortingsval. Difor er dette ein gedigen framgang. Vi sette oss som mål å nå 45 prosent og er svært godt nøgde med å klare det. Vi er audmjuk og takksam for tilliten veljarane har gjeve oss, seier Ryssdal.

Vanskelege stemmer

For eit parti med 30 prosent oppslutnad, er det ambisiøst å sette 45 prosent som mål. Når ein attpåtil får nokre prosent oppatt på målsetjinga er det godt å vere valkampleiar, Karoline Bjerkeseth, dagen derpå. I dag kan dei verkeleg tygge på karamellen.

- Bestandig vanskeleg å dra ut ekstra stemmer når gjer det så godt frå før. At vi nådde over målsetnaden er verkeleg ein kjempebonus, seier ho og allereie nemner ny valkamp om to år.