Hopp til innhold

Her er lamma på veg til fårikålgrytene

EID (NRK): No går vegen til slakteriet for ein million lam som snart kan ligge og putre i di fårikålgryte.

Etter ein sommar i fjellet, går no turen til Førde

VIDEO: Desse lamma er mellom dei over ein million lamma som blir henta på ulike gardstun rundt omkring i landet vårt. Foto: Silje Guddal, NRK

På fårikålens dag, er slaktebilen frå Nortura på plass på Bjørhovde i Eid. Her skal 53 lam hentast til slakt.

– Vi skal sleppe dei ut i tre puljar, om lag 20 om gongen, seier bonde Audun Rindal.

Garden ligg flott til med utsikt over fjorden. Inne i fjøsen står lamma og anar ikkje kva som ventar når døra snart går opp. Dei er mellom dei over ein million lamma som blir henta på ulike gardstun rundt omkring i landet vårt, slik at vi blir sikra både fårikål og pinnekjøt.

Kona Ruth-Sissel Bjørhovde og sonen Arild står klar for å ta imot om lamma finn på å hoppe over gjerdet i staden for å gå inn i slaktebilen. Ho tykkjer ikkje det er vemodig at bilen kjem for å henta lamma.

– Nei, eg tykkjer ikkje det. Det er greitt å få dei av garde no.

Audun Rindal og Ruth-Sissel Bjørhovde

GJER SEG KLARE: Bonde Audun Rindal og Ruth-Sissel Bjørhovde set opp innhegninga for å lose sauene inn i bilen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Full bil til slakteriet

Døra opnar seg og lamma kjem ut med forsiktige steg. Ingen prøver å hoppe over innhegning og det går greitt å få alle inn i bilen.

– Det er bra dei ikkje er stressa, det er rolege og sindige lam, seier Arild.

Sjåfør Bjørn Tore Yri i Nortura skal snart køyre til slakteriet i Førde med full bil.

– Det er plass til 120 lam. Det er så mange vi har lov å ha med, for dei skal ha god plass på veg til Førde, seier han.

Audun Rindal og Bjørn Tore Yri

SISTE TUR: Bonde Auden Rindal og sjåfør Bjørn Tore Yri skal snart få dei 53 lamma inn i bilen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Treng ikkje importere

Totalt blir det slakta over ein million lam i Norge i år. Vestlandet er den største landsdelen når det gjeld sau, medan Rogaland er det største enkeltfylket i landet. Kommunikasjonssjef Åse Kringlebotn i Nortura seier at verksemda skal slakte om lag 700.000 lam i Norge i år.

– Den er litt mindre enn i 2016, men mykje større tidlegare år i perioden 2006–2015. Det var fleire år der vi måtte importere lammekjøtt for å dekke etterspørselen, seier ho.

Årsaka til at det i år ikkje er mangel på kjøt, er at det totalt har blitt fleire lam.

– Vi hadde også nokre år der gjennomsnittsvekta auka, men i år ser vi at den har gått ned per lam.

Sauer

PÅ PLASS: Dei seksti lamma går fint inn i bilen som skal frakte dei til Førde.

Foto: Silje Guddal / NRK

Satsar stort framover

Bonde Audun Rindal på Bjørhovde har slutta med kyr og skal bygge ein endå større sauefjøs med plass til 100 vinterfôra sauer.

– Sauene blir gåande ut så lenge det er fint ver. Det har vore ein flott haust og vi byrja å sanke for 14 dagar sidan. Vi hadde ikkje regn ein einaste dag.

No gler han seg til fårikål, sjølv om han tykkjer det er tidleg å ete denne retten i september.

– I tidlegare tider blei ikkje lamma slakta før seint i oktober, og då var det fårikåltid. Men det er heilt topp om folk startar å ete dette no, for kjøtet er jo tilgjengeleg.