Hopp til innhold

Her er krimfavorittane til «fagfolka»

Påska er krimtid for mange. Sjå kva bøker bibliotekar Marie Dombestein og krimforfattar Rune Timberlid meiner du bør lese.

Marie Dombestein og Rune Timberlid

MED KRIMFAVORITTAR: Marie Dombestein og Rune Timberlid

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det at folk les ekstra mykje kriminalromanar i påska er visstnok eit særnorsk fenomen. Det starta i 1923. Då skreiv Nordahl Grieg og Nils Lie under psevdonymet Jonatan Jerv boka «Bergenstoget plyndret i natt».

Boka vart lansert i Aftenposten ei veke før palmesøndag i ein annonse som likna på eit ordinært nyheitsoppslag. Det førde til mykje styr. Folk trudde det var noko som verkeleg hadde skjedd, og mange ringde fortvila til avisa fordi dei hadde slekt og vener med toget.

Sidan har bokbransjen hatt påska som eit siktemål og høgdepunkt i året, og tradisjonen har og fått innpass på TV.

– Ei feriefenomen

Marie Dombestein er sjef på Førde bibliotek. Ho seier at krim er eit feriefenomen, det er ikkje berre i påska folk tyr til denne typen litteratur.

– Ofte er det eit par krimtitlar som ligg på topp hjå oss i talet på utlån heile året sett under eitt. Jo Nesbø er ein sikker vinnar, han får lesarar og etterspørsel uansett om han skriv bra eller ikkje. I tillegg går danske og svenske krimbøker godt for tida.

Rune Timberlid har forfatta sju krimromanar med Rolf Randen som hovudperson. Den siste - «Satans mor» - kom ut i passeleg tid før årets påske. Og Dombestein seier at det er ein del som spør etter hans bøker på biblioteket.

I den siste romanen hans er handlinga lagt til Luster, med Harastølen som ei høveleg skummel kulisse. Bakteppet er aktuelt - krangelen om cruisebåttrafikken. Og så dukkar det fram eit gamalt lik når Nigardsbreen trekkjer seg tilbake.

Rune Timberlid

NY KRIM TIL PÅSKE: Rune Timberlid si sjuande bok om Rolf Randen kom ut for nokre veker sidan.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Svensk krim er in

Maria Dombestein tilrår forfattarar som svenske Camilla Läckberg og Åsa Larsson, og danske Jussi Adler Olsen.

Nordmenn les veldig mykje svensk krim. Det starta med Sjöwall & Wahlöö, så kom Henning Mankell og Håkan Nesser. No har ein ny generasjon svenske krimforfattarar fanga interessa til norske lesarar. Mankell og Nesser går ikkje så godt lenger.

Det same har skjedd med norske kvinnelege forfattarar som var i skotet for nokre år sidan, seier Dombestein.

– Unni Lindell, Karin Fossum, Anne Holt og Kim Småge var veldig populære på 1980-talet. Dei skriv enno, men det er ikkje same etterspørselen etter dei. Den siste krimromanen eg har lese er av ein nordmann, Torkild Damhaug: «Se meg, Medusa».

– Må kome på A-laget

Både Timberlid og Dombestein slit med å forklare kvifor enkelte forfattarar blir så populære.

– Det har litt å gjere med at du må bli synleg, du må kome på det opplagsmessige A-laget ein gong, og då er du sikra å bli anmeldt og teken inn i bokhandlane neste gong. Det er ikkje nødvendigvis dei beste kriminalromanane som har størst opplag, seier Timberlid.

Han meiner at når ein forfattar har skapt seg eit namn, så rullar det mykje av seg sjølv.

– Vi andre slit med å gjere oss synlege utover i landet.

Sjølv les han ikkje så mykje krim.

– Eg les iallfall ikkje omatt mine eigne bøker. Eg les nok ikkje så mykje krim som eg burde, sidan eg fuskar i faget sjølv. Eg synest det er like spennande å lese ein god biografi eller ei historisk bok.

Har Staalesen som favoritt

Men Timberlid røper at han har ein krimfavoritt.

– Det er Gunnar Staalesen. Han er den einaste forfattaren eg kan seie med handa på hjartet at eg har lese alt av. Han skriv om Bergen og Vestlandet, stader der eg er kjend.

– Eg blir litt forundra når eg høyrer norske krimforfattarar snakke om amerikanske førebilete som eg knapt har høyrt om. Det verkar som dei er redde for å vise til kvarandre.

Sjølv skal Timberlid lese ei krimbok med handling frå Lom i Gudbrandsdalen i påska - «Død manns kiste» av to kvinnelege forfattarar - Kolden og Kroken.

– Krimbøkene er blitt råare

Marie Dombestein seier at krimsjangeren har endra seg mykje dei site åra.

– Det er blitt råare, meir brutalt, med større vekt på etterforsking og action, det er velidg mange politiromanar som kjem no. Men vi har folk som kjem og spør etter litt meir «snille» krimbøker.

Rune Timberlid seier at hans bøker ikkje har blitt meir brutale og bestialske med åra.

– Eg har heilt medvite lagt vekt på å ikkje bli spekulativ i valdsbruken. Eg treng til dømes ikkje stikke ut augene på folk før eg tek livet av dei. Eg veit at mine bøker blir brukt i skulesamanheng, og eg ser ikkje noko poeng i å spekulere i vald for å selje meir.

Når det gjeld krim på TV røper Marie Dombestein at hennar favoritt er Adam Dalgliesh, basert på bøkene til P.D. James.

– Den serien var passe spennande, eg hugsar godt «Plystraren», det var skummelt, når vi høyrde plystresignalet visste vi at det skjedde noko forferdeleg.