Hopp til innhold

Her er keeperhelten på ferie i Nordfjord

I helga stoppa han alle forsøka til Cristiano Ronaldo under EM i fotball. For to år sidan var Robert Almer (32) på fiskeferie på Sandane.

Robert Almer

KEEPERHELT: Austerrike-keeper Robert Almer i Sandane. Saman med kona Dominique og deira norske ven Hans Andenæs.

Foto: Dominique Nadarajah / Privat

– Svigerfaren til Robert, Sivabala Nadarajah, var ein god venn av meg. Han døydde dessverre for tre år sida, seier Hans Andenæs frå Sandane.

Han vart kjend med Nadarajah då han kom til Sandane frå Sri Lanka som utvekslingsstudent på 70-talet. Nadarajah vart verande i to år. Sidan den gong flytta han til Austerrike og fekk døtrene Dominique og Fabienne. Dominique er i dag gift med Austerrike og Austria Wien sin EM-målvakt, Robert Almer.

Stod i mål for Sandane

Då Nadarajah kom til Noreg og Sandene var han allereie veldig sportsinteressert. Han var, som sin svigerson, også keeper.

– Etter at han flytta til Austerrike jobba han mykje med å innføre cricket i landet. Men i Sandane spelte han keeper for STIL.

FBL-EURO-2016-MATCH24-POR-AUT

SOLID GREP: Superstjerna Cristiano Ronaldo klarte ikkje å overliste Robert Almer i helga.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Vil tilbake til Sandane

For to år sidan kom Robert Almer og Dominique Nadarajah på besøk hos Andenæs i Sandane. Dei tok med seg mora til Dominique og deira eiga dotter. Reisefølge la ferien til Noreg, og faren til Dominiques sin gamle heimstad.

– Eg har vore i Austerrike og besøkt dei mange gonger. Eg var også i bryllaupet deira. Men det var første gong Robert og Dominique var i Noreg. Dei vart verande i eit par veker, og likte seg veldig godt, fortel Andenæs.

Han viste målvakta rundt i fylket, og fortel at dei er velkomne på besøk fleire gonger.

– Robert storkosa seg. Vi fiska mykje, og gjekk på mange turar. Dei har sagt at dei har lyst tilbake att.

Må slå Island

Så langt i EM har Almer og Austerrike spelt 0–0 mot Portugal og tapt mot 2–0 mot Ungarn. På onsdag må dei altså slå Island for å gå vidare i meisterskapet. Sjølv om mange i Noreg har fått sympati for Island under EM, så er Andenæs klar. Han held med Austerrike.

– Det hadde vore veldig moro om dei kom vidare, fortel Andenæs.

Sjølv er han ikkje veldig fotballinteressert, men med ein kjenning på bana så har interessa blitt vekka.

– Eg synest han gjorde ei kjempeinnsats mot Portugal, og redda vel eigentleg kampen for Austerrike. Eg følger ikkje med til vanleg, men det har vore veldig artig under EM.