Hopp til innhold

Her er jordbruksskulen mot normalt

Sogn jord- og hagebruksskule er jordbruksskulen mot normalt. I motsetnad til sine kollegaer kring om i landet, har dei godt med søkjarar.

Sogn jord- og hagebruksskule

OPPSVING: I mars såg søkjartala dårlege ut for Sogn jord- og hagebruksskule. I slutten av mai er situasjonen ein heilt annan.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Søkjartala såg i vår mørke ut for jordbruksskulen i Aurland. Men no har 26 elevar søkt på 28 plassar på VG2, skriv Aurlendingen.

Løysinga vart ekstra innsats på marknadsføring og god promoteringshjelp frå både folk og organisasjonar.

– Det trur eg var sterkt medverkande til den positive utviklinga. Marknadsføringssida har ein alltid forbetringspotensiale, seier rektor Bjørg Fritsvold.

Håpar på fleire søkjarar

Bjørg Fritsvold

GLAD: – Eg er utruleg glad for oppsvinget. Elevtilgangen er avgjerande for eit vidare liv, seier rektor Bjørg Fritsvold.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Søknadsfristen til vidaregåande og høgskular er endeleg den 1. mars, men Sogn jord- og hagebruksskule held dørene opne til skulestart.

Rektor Fritsvold håpar difor at det framleis kjem til nye søkjarar.

– Erfaringsmessig vil ikkje alle dei 26 søkjarane seie ja, men så har vi også fått fleire søkjarar til andre året her som er positivt. I tillegg til andre som søkjer seg inn att for å få fullført agronomutdanninga, seier ho.

Få vil utdanne seg

Sett i lys av situasjonen for mange andre jordbruksskular kring om i landet, er rektoren godt nøgd med søkjartala.

– Det er få som søkjer fagutdanning i landbruk blant dei som skal overta gardsbruk i Norge i framtida. Men tvert imot har det vore betre elevtilgang på agronomutdanninga her, enn på dei fleste andre landbruksskular, avsluttar Fritsvold.