Hopp til innhold

Her er hyttene dyrare enn husa

Hytter kostar no meir enn hus mange stader. I Stryn er blitt ført opp over 200 hytter i millionklassen – lenger nede i bygda går einebustadane for ein langt rimelegare pris.

Hyttene kostar no meir enn husa mange stadar.
I Stryn har det blir ført opp over 200 hytter i millionklassen. Lenger nede i bygda går einebustadane for ein langt rimelegare pris.

DYRARE: I Stryn er det no blitt slik at hyttene går for langt meir enn husa. SJÅ TV-SAKA!

Det er ikkje noko gamalt krypinn eigedomsutviklar Ola Flo i Stryn viser fram til dei som vil kjøpe seg hytte i bygda. I hyttefeltet har det dei siste åra blitt bygd ut og seld rundt 250 hytter.

Hytteleilegheita på 85 kvadrat som han no har ute for sal er i ein nede prisklasse. Den har både villmarkspanel, opplegg for vedomn og varme i golva. Flo veit at marknaden er villig til å betale.

– Prisen på desse leilegheitene varierer frå 2.390.000 og 2.590.000, seier han og forklarar at kjøparane kan velje mellom to og fire soverom i overetasjen.

Får selt alt dei har

Hyttefeltet i fjellsida i Stryn er utan tvil attraktiv.

På berre nokre år har salet av hytter her eksplodert og eigedomsutviklar Ola Flo legg ikkje skjul på at han har trua på at det er plass til endå fleire hytter her.

– Vi har selt og sel det vi byggjer, så det har vore rimeleg bra og vi ventar at den trenden vil halde fram, seier han.

Nesten fem millionar

Denne torsdagen er det stille i hyttefeltet, men når helga kjem hyttefolket sigande.

Folk har på ingen måte problem med å leggje pengar i hyttene, og litt lenger unna hytteleilegheita kan Flo vise fram ei hytte som truleg vil gå til over fem millionar.

– Dette er ei forholdsvis stor hytte med eit bruksareal på 170 kvadratmeter. Det er høg standard, med varme i alle golv, badstue, og boblebad ute, ramsar Flo opp.

– Den vil koste mellom 4,2 millionar og fem millionar, avhengig om ein til dømes vel vassboren varme og liknande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stor skilnad på hytte og hus

STOR SKILNAD: Hytta til venstre i biletet er venta å koste ein stad mellom 4,2 millionar og fem millionar. Huset som ligg nokre kilometer unna i bustadfeltet gjekk for rett over 3,3 millionar.

Foto: Stig Indrebø

Hus til litt over tre millionar

Mange av hyttene i hyttefeltet kostar så mykje som det doble av einebustadane berre nokre kilometer unna.

Det går ikkje meir enn fem minutt å køyre ned til bustadfeltet i Stryn. Der er prisklassen ein heilt anna. For litt sidan selte eigedomsmeklar Kamilla Nedre-Flo i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane ein einebustad her for litt over 3,3 millionar kroner. Ifølgje Nedre-Flo er det ein litt høg pris.

– Det er jo klart at dei fleste hyttene har ein høgare pris enn dei einebustadane som vi sel brukt.

– Det er stor skilnad på eit hus som er bygd i 1980 og ei hytte som er bygd i 2012. Hadde husa og vore nye hadde nok prisen vore meir på linje, seier Nedre-Flo til NRK.no.

Store skilnader

Ho synest det er vanskeleg å gjere ei samanlikning av hytte og husmarknaden, og viser til at det er store skilnader.

– Ei hytte er noko for dei som har litt meir pengar og som har råd til noko ekstra.

– Det er ikkje der du sparar mest inn når du først skal investere, seier ho.

Samtidig er ho samd i at det er eit lite paradoks at hyttene går for langt meir enn bustadhusa like i nærleiken.

Det har også vore gjort forsøk på å selje leilegheiter i byggefeltet som hytter, men det har det ikkje vore noko interesse for.

– Dei som vil ha hytte vil ha det i hyttefeltet og vere ein del av miljøet, seier Nedre-Flo.

Har trua på meir storstila utbygging

Tilbake i hyttefeltet er Ola Flo klar for å byggje fleire hytter. Det er allereie gitt løyve til å byggje ut 70 nye tomter i området og utbyggaren kjenner seg trygg på at han og andre som sel hytter vil ha ein god marknad i åra som kjem.

– Som du ser her så har du milevis med skiløyper, og nærleik til skianlegget, seier han.

Han gler seg over utviklinga og trur ikkje han er den einaste.

– Dette er kjekt for dei som får høve til kjøpe seg hytter i eit attraktivt område, det er kjekt for dei som bygger og leverer. Det er også kjekt for næringslivet og for kommunen.