Hopp til innhold

Her er husa som er vekke og øydelagde

Mange har i ettermiddag og kveld fått kome heim til husa sine i Flåm, etter at dei voldsomme vassmengdene tvinga dei til å evakuere tysdag kveld. Men enkelte får aldri kome heim.

Oversikt Flåm

Situasjonskart frå Flåm: Blå sirkel er bygningar som er vekke, to av dei er driftsbygningar. Dei raude er bygningar det ikkje går det ikkje an å bu i.

Foto: Aurland kommune

Totalt 160 personar vart evakuerte.

Kommunen melder i kveld at 13 bustadar er totalt øydelagde. 35 personar er difor no i mellombels bustad.

15 av desse har behov for ny bustad på lang sikt.

Omfattande arbeid står att

Skadane på infrastruktturen er også omfattande.

Fleire vegar treng å byggast opp att. To bruer er heilt vekke. Flåmsbana er også råka, og kan tidlegast opne om ei til to veker.

100 innbyggjarar i Undredal er framleis isolerte, men har båtsamband.

Sjå helikopterbilete frå Flåm – to dagar etter:

har dei byrja oppryddinga. NRK Beta tok helikopterbilete i dag langs vestlandet. Her er nokre frå Flåm

Foto: Jan Benkholt, NRK.

Bebuarar flyttar heim att i Flåm:

Evakuerte innbyggere i Flåm kan nå dra heim etter flommen. 
Men 35 av dei rundt 200 evakuerte kan ikkje flytte hjem igjen enno.

TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Asgeir Heimdal Reksnes. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen.

Her er bilete frå morgon etter flaumen:

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

Foto: Heidi Lise Bakke

Redningsmannskapa sin eigen video:

Onsdag vart 17 menneske evakuerte i Flåm. Her kan du sjå bileta som 330 skvadron sjølve filma frå aksjonen