Hopp til innhold

Her er fylkesfuglen!

Ingen tvil om kva fugl folk i Sogn og Fjordane ville ha som ny fylkesfugl!

Gjerdesmett

VINNAREN: Og vinnaren er... Gjerdesmetten!

Foto: John Øystein Berg

Saman med Norsk Norsk Ornitologisk Foreining har NRK, har lyttarane og lesarane våre i dag kåra fylkesfuglen i Sogn og Fjordane.

– Eg har telt og telt og gått gjennom mange innsende forslag, men vinnar av fylkesfuglen i Sogn og Fjordane er lite og fin, og det er Gjerdesmetten, fortalde NRK-journalist Silje Guddal under ettermiddagssendinga.

Liten på jord, stor i ord

Den vert rekna som ein av landets minste fuglar, og finst over heile fylket og har ei tydeleg røyst.

– Den er berre ni gram, og det seier jo litt. For det stod mellom kontrastane her, lille vakre Gjerdesmetten eller den staselege Kongeørna som kom på 2. plass. Men Gjerdesmetten hadde godt over dobbelt så mange stemmer, fortalde Guddal.

– Stor i kjeften

NRK trekte ut ein av dei som sende inn forslag på Gjerdesmetten, som får ein flott premie i posten.

– Den er jo liten, men sosial og stor i kjeften. Nett som folk her i fylket. Det er eit bra mål i den, fortalde vinnaren, Sveinung Haug.

Godt nøgd var og leiaren i ornitologisk forening her i fylket, Anders Braanaas.

– Den var jo min favoritt, så eg er jo veldig nøgd med det. Det var mange gode kandidatar, men Gjerdesmetten heldt eg ein knapp på heile tida, seier Braanaas.

Her er 10 på topp-lista:

1. Gjerdesmett

2. Kongeørn

3. Tjeld

4. Staren

5. Ramn

6. Strandsnipe

7. Steinskvett

8. Gråtrast

9. Ringtrast

10. Bergirisk