Vi fekk inn enormt mange bilete frå publikum i heile fylket, både på epost, MMS, Facebook og ikkje minst Instagram.
Juryen var samansett av nettvaktsjef i NRK, Brit Jorunn Svanes, lærar på Nynorsk mediesenter, Randi Indrebø, og ansvarleg for sosiale medium i NRK, Geir Bjarte Hjetland.
– Vi la vekt på kreativitet, teknisk komposisjon og temaval. Det var ingen lett jobb å plukke ut vinnarbileta, og vi vil rette ein stor takk til alle som har delt sine bilete med oss, seier Geir Bjarte Hjetland.
Vi hadde ei lita utfordring, sidan alt vi visste om vinnaren var brukarnamnet hennar på Instagram, @heiars. Men med hjelp frå publikum vart det raskt klart at vinnaren kjem frå Stadlandet.
– Det var verkeleg overraskande og ikkje minst veldig koseleg. Biletet er av dei to yngste døtrene mine Madelen (19) og Andrea (9) på 2.juledag då vi boltra oss ute i snøen med måkebrett og spade, fortel Heidi Anita Årsheim til NRK.
Ho likar godt å ta bilete, ikkje minst når ho er ute på tur i den vakre og ville naturen ytst i Nordfjord.
I tillegg til vinnarbiletet, som skildrar ei nærast magisk julestemning på Stadlandet, vart desse bileta også plukka ut, og vil få ei NRK-gåve i posten: