Hopp til innhold

Her er vinnarbiletet - og her er vinnaren!

Fotografen brukte emneknaggen #nrksf, og no ventar ein DAB-radio i posten for beste bilete i vår store julebiletetevling. Vinnaren er Heidi Anita Årsheim frå Leikanger på Stadlandet.

Vinnar julefototevling 2014

VINNARBILDET: Magisk stemning i snøhola på Stadlandet.

Foto: @heiars

Vi fekk inn enormt mange bilete frå publikum i heile fylket, både på epost, MMS, Facebook og ikkje minst Instagram.

Juryen var samansett av nettvaktsjef i NRK, Brit Jorunn Svanes, lærar på Nynorsk mediesenter, Randi Indrebø, og ansvarleg for sosiale medium i NRK, Geir Bjarte Hjetland.

– Vi la vekt på kreativitet, teknisk komposisjon og temaval. Det var ingen lett jobb å plukke ut vinnarbileta, og vi vil rette ein stor takk til alle som har delt sine bilete med oss, seier Geir Bjarte Hjetland.

Vi hadde ei lita utfordring, sidan alt vi visste om vinnaren var brukarnamnet hennar på Instagram, @heiars. Men med hjelp frå publikum vart det raskt klart at vinnaren kjem frå Stadlandet.

Heidi Anita Årsheim

VINNAREN: Heidi Anita Årsheim frå Leikanger på Stadlandet.

Foto: Privat

– Det var verkeleg overraskande og ikkje minst veldig koseleg. Biletet er av dei to yngste døtrene mine Madelen (19) og Andrea (9) på 2.juledag då vi boltra oss ute i snøen med måkebrett og spade, fortel Heidi Anita Årsheim til NRK.

Ho likar godt å ta bilete, ikkje minst når ho er ute på tur i den vakre og ville naturen ytst i Nordfjord.

I tillegg til vinnarbiletet, som skildrar ei nærast magisk julestemning på Stadlandet, vart desse bileta også plukka ut, og vil få ei NRK-gåve i posten:

Vinnar julebilete Eva Vatne Rygg

KLASSISK: Eva Vatne Rygg har klart å skildre den klassiske julestemninga. Kanskje den jula vi alle inst inne drøymer om?

Foto: Eva Vatne Rygg
Jostein Heggestad vinnar

VAKKER NATUR: Vi fekk inn mange flotte naturbilete. Men Jostein Heggestad sitt bilete peika seg ut.

Foto: Jostein Heggestad

Sjå alle julebileta vi fekk inn:

Julebukkar
Foto: Turid Sande Beinnes
Instagram Sogn og Fjordane