Hopp til innhold

Her er Florø-spelaren Mjøndalen-trenaren fryktar

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen kjenner seg ikkje for sikker på at rekkja med kampar utan tap held fram etter besøket frå Florø.

Rune Hove

FIRE MÅL: Runar Hove (i midten) har scora fire mål på 13 kampar for Florø i år. Han er likevel spelaren Mjøndalen-trenar Vegard Hansen trekkjer fram først når han skal fortelje kva han fryktar med Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heimelaget har ikkje tapt på eige gras sidan 2015, og med to av divisjonens mest målkåte spelarar skulle det meste tyde på at Mjøndalen tek tre poeng også mot Florø.

Mjøndalen-trener Vegard Hansen

GODE: Mjøndalen-trenar Vegard Hansen meiner Florø er betre enn mange av laga i årets 1. divisjon og kjenner seg ikkje heilt trygg på full pott i dag.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Men Mjøndalen-trenar Vegard Hansen kjenner seg ikkje for trygg.

– Tapet kjem nærare og nærare for kvar kamp vi spelar. Vi har tidlegare i år møtt lag som er mykje svakare enn Florø, så det kan fort komme eit tap, seier han.

Fryktar Hove

Florø-trenar Terje Rognsø reiser til Nedre Eiker utan sin suspenderte midtstoppar Vegard Gjermundstad.

Laster innhold, vennligst vent..

Det er likevel ikkje dei defensive kvalitetane i Florø Hansen fryktar mest. Hansen fryktar å få både dødballar og overgangar i mot.

– Alle dei offensive spelarane er gode Obos-spelarar. Florø har ekstrem dødballkraft, og spesielt Runar Hove må vi passe på. Han er uvanleg ofte først på ballen og har ekstremt mange avslutningar på corner. Han er så stor at vi må passe godt på han, seier Hansen.

– Kjekt å høyre

– Slikt er alltid kjekt å høyre, svarar Hove og ikkje trur at uttalane frå Hansen er programforplikta.

– Han har rett i at vi ikkje det dårlegaste laget, humrar Hove og sjølv trur at Mjøndalen blir ei tøff nøtt å knekke. Ikkje minst toppscorarane Ousseynou Boye og Amahl Pellegrino som broderleg har fordelt 18 av lagets 25 mål mellom seg.

– Vi veit om dei og har ein plan, men det viktigaste er likevel å fokusere på det vi skal gjere, seier han.

– Er det mogleg å slå Mjøndalen?

– Eg kan ikkje seie at vi går for eit respektabelt tap. Vi går sjølvsagt for tre poeng og må trekkje det lengste strået i begge boksane. Det er der det blir avgjort, seier han.

Godt budd

I Mjøndalen trekkjer Hansen fram Florø sine brot og overgangar. Han trekkjer fram Endre Kupen, brørne Stefan og Peter Aase, samt australske Luc Jeggo.

– Florø er eit lag å passe opp for på mange måtar. Dei har slått Sogndal og tok Sandnes Ulf rimeleg klart, legg han til.

Medan Florø er debutantar i årets 1. divisjon, har Mjøndalen jakta opprykk sidan dei kom ned frå Eliteserien i 2015. Hansen meiner Florø vil klare seg fint.

– Dei har stort sett vore gode, men har hatt enkeltkampar der dei har vore veldig gode. Florø har vore med i alle kampar og dei har veldig mange spennande spelarar som held godt obosnivå

Laster innhold, vennligst vent..