Hopp til innhold

Her er finalistane til Luttprisen

Folket og fagjuryen har talt. Dette er artistane som no kjempar om å vinne Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane.

Line Dybedal Vederhus

FINALIST: Line Dybedal frå Selje er ein av dei fem finalistane som no kjempar om Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto

Fleire tusen røyster kom inn til dei 20. nominerte til Luttprisen 2015. No er det klart for finalerunden, og du er framleis med å avgjere kven det er som får tittelen årets artist frå Sogn og Fjordane i år.

Diplom og pengar

Premien vert delt ut direkte under NRK JuleLutt frå Høyanger Metalllverk 18. november klokka 18, og er 25 000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.

Her er fagjuryen

I juryen sit Jan Inge Fardal i Sogn Avis, Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival, Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest, Silje Guddal i NRK og Øyvind Lyslo i Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Fram til tysdag 17. oktober klokka 0800 kan du levere di røyst til din favoritt. Du kan levere ei røyst kvar 24.time frå kvar IP-adresse.

Laster innhold, vennligst vent..

Aleks Grey

Aleks Grey

Aleks Grey har akkurat gjeve ut sin debut-EP, får spele på Blest og JuleLutt. No er han også finalist i Luttprisen.

Foto: Pressefoto

Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid er hardtarbeidande og er for tida spelelista i over 20 land rundt om i verda. I november gir han ut sin første EP. Raftevold går for tida på Paul McCartney sin talentskule LIPA, der han og bandet mellom anna har fått spelt musikken sin live i BBC. Raftevold er tydeleg inspirert av band som Coldplay og lagar mektig, internasjonal og melodiøs popmusikk. Han har også turnert fleire gonger med bandet sitt heime i Sogn og Fjordane.

Good Time Charlie

Good Time Charlie pressefoto

Good Time Charlie har gjeve ut ei kritikarrost barneplate i år.

Foto: Pressefoto.

Bluesgruppa Good Time Charlie har eksistert i over 30 år, og har dei siste åra også laga musikk for born. I oktober gav dei ut si andre barneplate med tittelen Jubel og Skrubbsår. Platemeldar Finn-Ulrik Berntsen i NRK P1 var imponert både av låtar og tekst, og trilla terningkast fem for plata. Good Time Charlie har også turnert for ungar med musikken sin til stor suksess.

Karl Seglem

Karl Seglem på den raude løparen

Karl Seglem på den røde løparen før Spellemannsprisen i 2014.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Karl Seglem feirar i år 30 år som artist ved å gi ut heile tre album. Aftenposten sin platemelder trilla terningkast seks og kallar Seglem for ein musikalsk nasjonalskatt. Seglem har i tillegg turnert i inn og utland, og vart i starten av året nominert til ein spelemann for plata han gav ut i fjor.

Line Dybedal

Line Dybedal Vederhus

Line Dybedal er måndag på A-lista med sin nye julesong, og altså finalist til Luttprisen.

Foto: Pressefoto

Line Dybedal frå Selje skifta i år språkdrakt, og har gitt ut tre singlar på dialekt frå Nordfjord. Alle låtane har begeistra, og NRK har lagt alle låtane inn på spelelistene til radiokanalane sine. Line har også bak seg ei tid i bandet The Pink Robots, men i november gir Dybedal ut sitt debutalbum som soloartist på norsk.

Vreid

Vreid

Vreid får fantastiske meldingar i internasjonal presse for sitt nye album, no er dei finalistar til Luttprisen.

Foto: Promofoto: Peter Beste.

Svartmetallbandet Vreid frå Sogndal har fått strålande kritikkar for sitt nye album Solverv. Albumet kom ut i haust og har fått ei rad toppkarakterar frå internasjonal musikkpresse. Metal Hammer skriv at Vreid med dette albumet har tatt steget opp i absolutt øvste sjikt! Dette albumet er både rått og mektig, og eg gler meg voldsomt til å høyre dette materialet live! Når Byane Brenn er kanskje den beste låten bandet nokon sinne har skrive, skriv platemeldaren.