Normal

Her er faddersjefen sitt beste råd til nye studentar

SOGNDAL/FØRDE (NRK): – Det viktigaste er å bli kjend med folk og melde seg på det sosiale. Legg vekk mobilen og sosiale medium, og ver til stades i studiekvardagen.

Marianne Aakerø Laugerud

BLANKE ARK: – Det er nok veldig mange nervøse sjeler der ute som no får sjansen til å starte med blanke ark. Med mange aktivitetar og tilbod håpar vi studentane blir kjende med og trygge på kvarandre, skulen og Sogndal som bygd, seier faddersjef Marianne Aakerø Laugerud i Sogndal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det er faddersjef Marianne Aakerø Laugerud sitt beste tips til nye medstudentar i Sogndal.

I dag har 60.000 studentar sin første dag ved norske høgskular eller universitet. I Førde og Sogndal går kring 1.000 studentar ein heilt ny kvardag, og nokre hektiske veker, i møte.

– Du vil jo prestere på skulen, men også vere med på det sosiale som skjer på kvelden. Då blir ein fort kjend med folk, seier Aakerø Laugerud.

– Kvile mellom slaga

Det har vore rolege månader i høgskulekorridorane i Sogndal. Siste vekene har aktiviteten teke seg sakte, men sikkert, fram mot dagens studiestart.

No ventar to aktive veker med lang rekkje ulike aktivitetar og arrangement, og oppstart av studiane. I år er det 800 nye studentar i Sogndal.

– Det blir slitsamt, men då må ein kvile mellom slaga og vere på når ein er her, seier Laugerud som er lærarstudent.

Godt førsteinntrykk

– Det å vere student er todelt. Du må hugse å vere student for all del, men også den sosiale delen av studenten er viktig. Ver med og delta, legg leiar i studentersamfunnet i Førde, Øystein Skjelvan, til.

Aleksander Aasen og Øystein Skjelvan

TIPS: – Ta med niste, jobb jamt og trutt og møt opp i god tid til førelesingane. Du blir fort snakka om dersom du kjem fem minuttar for seint kvar dag, seier sjukepleiarstudent Aleksander Aasen og ingeniørstudent Øystein Skjelvan.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Saman med Aleksander Aasen, leiar av arrangørkomiteen, har Skjelvan brukt siste vekene til å planlegge ein innhaldsrik start på studietida for nye medstudentar.

– Fadderveka er med på å gi studentane eit godt førsteinntrykk. Vi brukar veka til å få nye studentar til å trivast og forstå at Førde er ein god studiestad og ein stad å ha det kjekt, seier han.

– Fordel å vere liten

– Første veka på skulen er veldig skummel. Mange har nett flytta heimanfrå, så eg trur det er viktig at folk blir kjende med kvarandre og får trygge rammer med det same, legg Aasnes til.

Skjelvan skildrar Campus Førde som kompakt, lite, men fantastisk.

– Eg trur det fremmar studentmiljøet om ein er liten og kompakt. Du blir kjend med folk på tvers av linjene, og det trur eg verkeleg lagar eit godt studentmiljø, seier han.

Ulike studentar

Både i Sogndal og Førde blir det konsertar og ulike arrangement på løpande band framover. I Sogndal er rådgjevar Åse Neraas glad for å få liv i gangane att. Og det er ikkje berre friluftsinteresserte og fotballinteresserte som finn vegen til Sogndal.

To av tre studentar kjem frå andre fylke. Men dei aller fleste finn seg raskt godt til rette.

– Dei aller fleste set pris på ein flott tur i fjellet, men samstundes har vi dei som trivast best på flat mark. Vi har mange ulike studentar, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune