NRK Meny
Normal

Slik er situasjonen på fjellovergangane no

No er også Fylkesveg 53 Tyin - Årdal opna for trafikk.

Borlaugkrysset

KOLONNE: Slik såg det ut ved Borlaugkrysset laurdag ettermiddag. No er fjellovergangen opna for fri ferdsle.

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

Situasjonen har betra seg på fjellovergangane. Laurdag var det kolonnekøyring både på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.

No er begge overgangane opne for fri ferdsle. Fylkesveg 53 Årdal - Tyin var søndag føremiddag stengd grunna oppryddingsarbeid.

Klokka 10 opplyser Vegtrafikksentralen at også denne vegen er opna.