NRK Meny
Normal

Her er det minst og mest kriminalitet

Sogn og Fjordane har minst kriminalitet i Noreg. Dette trass i at Lærdal kommune er den med flest politimelde saker per innbyggar i heile landet.

Laster kart, vennligst vent...

SJEKK DI KOMMUNE: Klikk på kvar kommune for å sjå talet på politimelde saker per 1000 innbyggar.

I Noreg er det i gjennomsnitt 74,7 politimelde saker per 1000 innbyggarar. I Sogn og Fjordane ligg snittet berre på 41,5 saker, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Lærdal har derimot heile 234,8 melde lovbrot per 1000 innbyggarar.

– Det er på grunn av kontrollstasjonen oppe på Håbakken som politimelder veldig mange vogntogsjåførar under kontrollar av tunge køyretøy, seier Per Tomas Klingenberg, fungerande lensmann.

Kontroll på Håbakken

HÅBAKKE: Statens vegvesen melder mange tunge køyretøy langs E16 til politiet.

Foto: Anna Gytri

Det er altså Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken som gjer at Lærdal tronar øvst på statistikken. Her, på E16, passerer det dagleg over 400 vogntog på det som er hovudvegen mellom Bergen og Oslo.

Det er både norske og utanlandske sjåførar som blir tekne , og bidreg til dei svært høge tala.

Nesten utan kriminalitet

Solund kommune har også i år blant dei lågaste tala for politimelde saker i heile landet. Snittet i norske kommunar ligg på 74,6 politimelde saker per 1000 innbyggarar. I Solund er det berre meldt 11,9 saker i snitt.

Sogn og Fjordane ligg under snittet på alle lovbrotsgrupper unntatt trafikkriminalitet.

I tabellen under kan ein sjå det totale talet på politimelde saker for kvar kommune i Sogn og Fjordane og for heile landet. Sjølv om tala er høge i Lærdal, er det så få melde politisaker i dei andre kommunane at Sogn og Fjordane totalt sett kjem best ut i statistikken.

Tal på politimeldte saker 2013

 

Alle lovbrot

Vinnings-
kiminalitet

Vald

Narkotika

Trafikk

Anna
kriminalitet

Heile landet

377321

162590

26862

47599

59567

80705

Sogn og Fjordane

4513

1044

363

648

1407

1052

Flora

588

153

70

100

98

168

Gulen

57

17

0

0

18

20

Solund

10

5

0

0

0

0

Hyllestad

25

0

0

0

7

14

Høyanger

219

60

19

38

43

61

Vik

68

14

6

14

13

22

Balestrand

19

8

0

0

0

6

Leikanger

40

13

7

0

10

9

Sogndal

332

91

28

48

72

94

Aurland

136

21

5

7

87

17

Lærdal

511

32

0

16

427

33

Årdal

142

31

17

34

25

37

Luster

144

37

19

26

27

37

Askvoll

64

19

7

8

7

24

Fjaler

62

18

0

16

7

18

Gaular

69

17

0

0

27

17

Jølster

90

19

6

5

48

13

Førde

739

236

47

171

143

143

Naustdal

67

16

12

0

22

16

Bremanger

105

26

13

7

28

32

Vågsøy

226

41

32

28

42

83

Selje

57

11

0

0

13

29

Eid

243

60

14

46

78

45

Hornindal

22

0

0

0

10

0

Gloppen

201

39

17

44

53

48

Stryn

278

58

26

32

106

57

Kjelde: SSB

Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".