Hopp til innhold

Her er kommunen med minst kriminalitet i Sogn og Fjordane

Solund er den kommunen med minst kriminalitet i heile Sogn og Fjordane. Tal frå politiet syner at det i fjor berre var registrert fem brotsverk i kommunen.

Fra havna i Hardbakke.

HER ER DET TRYGT: Hardbakke i Solund

Foto: Viviann Randal Unneland

– Det er klart det er kjekt å kome godt ut på kriminalitetsstatistikken, å få vere ordførar i ein lovlydig kommune der me føler oss trygge, og risikoen for å bli utsett

Ole Gunnar Krakhellen

HAR LOVLYDIGE INNBYGGARAR: Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen (H)

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

for lovbrot er liten. Det seier Ole Gunnar Krakhellen (H) som er ordførar i Solund.

I fjor var det registrert fem lovbrot i øykommunen, i 2011 seks lovbrot og dei to føregåande åra null. Også Hyllestad utmerker seg med lovlydige innbyggarar, der var det i 2012 registrert seks lovbrot. I andre enden av skalaen finn vi dei store kommunane som Florø og Førde høvesvis 372 og 511 registrerte brotsverk i 2012.

– Det har nok ein direkte samanheng med folketalet i Førde, seier ordførar Olve Grotle (H).

Ordførar Olve Grotle i Førde

FØRDE TOPPAR KRIMSTATISTIKKEN: Ordførar i Førde, Olve Grotle (H)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han meiner Førde som tettstad nok er meir utsett for ein del kriminalitet enn meir typiske distriktskommunar. Ham meiner likevel at innbyggarane i Førde kan kjenne seg trygge

– Sjølv om vi ligg på toppen i Sogn og Fjordane, så ligg vi nok ganske lågt samanlikna med mange andre stader i Norge.

Føl utviklinga nøye

Politimeister Ronny Iden seier det er naturleg at kriminaliteten er størst der det bur flest folk, og at det er noko dei ser på når dei planlegg si drift.

– Vi prøver i størst mogleg utstrekning å bruke ressursane våre der det skjer mest straffbare ting. Vi føl nøye med på statistikkane overt tid, og er vakne for om det skulle skje brå endringar.

I kommunen med minst kriminalitet er det likevel enkelte trekk som uroar ordføraren.

– Kanskje er det ikkje alt som blir avdekka. Elles så trur eg at vi framleis nyt godt av den "oppsparte kapitalen" frå då vi hadde eige lensmannskontor, som dreiv førebyggande arbeid i kommunen. Det er ikkje til å kome ifrå at det er ein samanheng mellom kriminalitet og faren for å bli oppdaga.