Hopp til innhold

Her er det ikkje lett å komme forbi

Ei svær steinblokk på to gonger to meter sperra tidlegare i dag vegen ved Gjengedal i Gloppen.

Steinblokk sperrar vegen i Gloppen

FULL STOGG: Ein stein sperrar nesten fullstendig fylkesveg 691 mellom Hyen og Gjengedal i Gloppen kommune.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Raset gjekk i totida i natt og vegen var stengt fram til klokka 12:25.

– Vegen har teke stor skade. Det kan ta tid før den bli opna igjen, opplyste Marius Råve ved vegtrafikksentralen tidlegare i dag.

Bonde Nils Magne Gjengedal bur i området og tok skadane i augesyn i føremiddag.

– Det er ei enormt stor blokk som har delt seg i to når den har kome ned. Den eine delen ligg i vegen, den andre har rulla vidare og ligg i elva. Det er store skader på vegen, men ikkje verre enn at det er mogleg å køyre viss dei får fjerna den, seier han.

Han fortel at sju husstandar i Gjengedal og åtte på Kleivane har vore innesperra. Etter nokre timar kom entreprenøren til staden og fekk skubba steinen til sides.

Steinblokk sperrar veg i Gloppen
Foto: NRK.no-tipsar / NRK