Hopp til innhold

Her er det flest born i fosterheim

I Steinkjer eller Askim er det prosentvis tre gonger fleire i fosterheim i ei barnevernssak enn til dømes Lørenskog eller Sunndal.

Barnevern

FOSTERHEIM: Det er store skilnader på kor ofte barn hamnar i fosterheim i norske kommunar.

Foto: Mariela Idivuoma/NRK

Dei førebelse Kostra-tala for 2015 frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser store skilnader i korleis det norske barnevernet fungerer.

I barnevernssaker i til dømes Ski, Lørenskog, Søgne eller Bamble, blir 17 prosent av barna tekne ut av heimen og må i fosterheim eller på institusjon.

I Steinkjer eller Askim må over halvparten av barna som er involverte i barnevernet over i fosterheim eller på institusjon.

Ikkje sjeldan ser vi at avgjerder i barnevernssaker basert på uhyre tynt og spekulativt faktagrunnlag.

Einar Salvsen

Kritisk

Psykologspesialist Einar Salvesen har jobba med barnevernssaker i ei årrekkje og har fleire gonger ytra seg kritisk til norsk barnevern. Mellom anna i samband med den omstridde barnevernssaka i Naustdal, der eit foreldrepar vart fråtekne fem born før jul i fjor. Saka har vekt internasjonale protestaksjonar.

Salvesen er ikkje overraska over dei store skilnadene når det gjeld kor mange barn som blir sende i fosterheim.

– Dei har fått ei uromelding og er på ein måte tvinga til å løyse situasjonen. Når ein har mangel på kapasitet og kunnskap, og ikkje får vurdert saka skikkeleg, blir det ofte til at ein flyttar barna over i fosterheim, seier han.

Blir for mange barn flytta i fosterheim?

– Ja, absolutt. Ved å gå inn tidleg i prosessen med dialog og hjelpetiltak, kunne mange saker vore løyste på ein mykje betre måte både for borna og foreldra, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Personavhengig

Leiar for barnevernet i Steinkjer, Lene Rønning, har per i dag ingen god forklaring på dei store skilnadene.

– Skal vi finne ut kvifor skilnadene er så store må ein gå inn i ein djupnediskusjon der ein intervjuar dei tilsette ved dei ulike barnevernskontora, seier ho.

– Men kan personavhengige avgjerder og reine tilfelle spele inn?

– Ja, det kan som elles i samfunnet kome forskjellar på bakgrunn at vi har med enkeltpersonar å gjere.

Rønning understrekar at Kostra-tala gir eit bilete av totaltalet på saker i Steinkjer samanlikna med andre kommunar.

– Dei siste åra har vi jobba målretta med å bli betre. No blir dei aller fleste av borna i ei barnevernssak buande heime. I 2015 enda seks saker med at eit barn måtte i fosterheim, dei fleste av desse sakene var det eit frivillig tiltak, seier Rønning.

Einar C. Salvesen

OPPRØRT: Psykologspesialist Einar Salvesen er opprørt over kor dårleg barnevernet fungerer i enkelte kommunar. Fleire stader er det svikt i alle ledd, meiner han. Salvesen meiner det også finst mange døme på barnevernskontor som fungerer bra.

Foto: Dan P. Neegaard / Aftenposten

Meldingar blir ikkje undersøkt

Ser ein på kor ofte barn blir involvert i barnevernssaker er det også store skilnader frå kommune til kommune.

Medan mellom opp til to prosent av barna er i barnevernet sine register i Etne, Agdenes og Austevoll, er mellom 16 og 20 prosent av barna i Nesna, Salangen, Hamarøy, Flakstad og Ibestad involvert i barnevernet. I Oslo er 4,4 prosent av barna involvert i barnevernet.

Det er også store skilnader i kva grad meldingar til barnevernet resulterer i at sakene blir undersøkte. Medan alle sakene som blir melde inn blir undersøkte i om lag 50 av dei norske kommunane, blir mange meldingar ikkje sett nærare på i det heile i andre kommunar.