Hopp til innhold

Her er det fare for «hundebæsj i rubben»

Midt i åsynet til skisenteret sitt webkamera sette hunden seg på huk og lét det stå til. Eigaren gjorde ingenting for å fjerne bæsjen.

Langeland skisenter, hundedrit

OFFENTLEG SKILØYPE-TOALETT: Dei som driv det populære skisenteret i Gaular tar no eit oppgjer med hundeeigarar som ikkje fjernar bæsjen.

Foto: Privat

Hund i skiløypene har vore eit heitt tema i vinter, no er det hunden sin avføring som har blitt eit diskusjonstema i Sogn og Fjordane.

På det store skisenteret på Langeland i Gaular fekk driftsleiar Magne Øvrebø nok då han såg den store rua midt inne på skistadion.

– Dette er tankelaust og det er jo trasig dersom ungar eller andre dett oppi det. Det er jo berre å flytte det vekk, seier ein noko arg Øvrebø til NRK.

– Dytt det vekk

På skisenteret sine Facebook-sider har det kome mange kommentarar etter at han la ut bildet av hundebæsjen.

– Denne personen burde ikkje ha hund, er ikkje hunden sin feil at matmor/far ikkje har oppdragelse, skriv ei, medan ein annan lurer på om det no kan blir «drit i rubben».

Magne Øvrebø meiner i alle fall at no er det nok. Han ber skiløparar rett og slett skjerpe seg og sørge for å få avføringa ut av løypene.

– Bruk skia eller ein stav og dytt det vekk om ikkje anna, meiner Øvrebø.

Hiv posar opp i trea

Han tykkjer det er betre om dei gøymer vekk ruene enn om dei tar dei opp med plastposar.

– I fjor gjekk det ein trend i at dei tok bæsjen opp i posar og så heiv dei posane oppi tre. Då hang dei rundt der til pynt, seier Øvrebø.

No vil han og dei andre som driv skisenteret ha hjelp av publikum, for slik vil dei ikkje ha det.

– Det er lov å seie ifrå til hundeeigarar som ikkje gjer jobben sin, seier Øvrebø og minner om at det er bandtvang.

Driftsleiar Magne Øvrebø ved Langeland ski- og fritidssenter

VIL HA DET VEKK: Magne Øvrebø ser stadig hundebæsj når han er ute med trakkemaskina på Langeland skisenter.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK
Er det greitt å la hunden gjere frå seg i skiløypa? Løypekøyrar Magne Øvrebø meiner slett ikkje at det er innafor.

HEFTIG DISKUSJON: Er det greitt å la hunden gjere frå seg i skiløypa? Løypekøyrar Magne Øvrebø meiner slett ikkje at det er innanfor. Høyr han i samtale med Erlend Blaalid Oldeide og Tone Lin Støfring i NRK Sogn og Fjordane si dagsending fredag.