Her er det berre å spenne på seg langrennsskia

– Det er kvitt overalt, men det byrjar å bli litt lite snø somme stader.

Skiføre på Sognefjellet

SKIFØRE: Både norske og utanlandske landslagsløparar i langrenn har brukt Sognefjellet som treningsarena sidan midten av 70-talet. Slik ser det ut berre dagar før fellesferien tek til.

Foto: Ove Fortun

Alpinbakkane er nok tomme for snø for lenge sidan, men framleis er det råd å nytte «bortoverski» ei god stund til.

For sjølv om vi skriv 18. juni, så er det skiføre på Sognefjellet, 1434 meter over havet.

– Det er gode snøforhold. Vi har vore flinke å køyre inn snø ved sida av løypa sidan påsketider, som gjer at vi held godt på snøen. I alle fall denne veka køyrer vi over seks kilometer med løype, seier Ove Fortun ved Sognefjellet Sommarskisenter.

Skiføre i juli

Ove Fortun

STJERNER: Ove Fortun er vand med å sjå både framtids, og notidas, skistjerner legge ut i langrennssporet på Sognefjellet.

Foto: ARNE SØRENES / NRK

Om vinteren var snøfattig, har våren og sommaren så langt vore på skisenteret si side.

I skrivande stund tel løypetraseen 6,2 kilometer. Fortun meiner dei vil kunne tilby langrennsentusiastane skiløyper i vel to veker til.

– Det er ingen garanti. Kjem det regn og vind, så blir snøen som ein svamp og forsvinn ganske fort. Men vi gjer så godt vi kan og er «kjempehappy» over at det blir minusgrader til helga, seier Fortun.

Fyller Sognefjellshytta

Og folk veit å nytte seg av skiføret. Ein del vel faktisk å starte sommarferien med skiopphald på Sognefjellet. Kommande helg og neste helg er det venta fullt hus på Sognefjellshytta.

Skiføre på Sognefjellet

FINT: Sognefjellet Sommarskisenter melder om godt skiføre, og ventar å kunne tilby det til kring 6. juli.

Foto: Ove Fortun

– Då er det snakk om kring 250 løparar kvar dag. Både klubbar og familiar tek med seg borna sine og trenar, seier Fortun og legg til:

– Vi har mange skiklubbar og landslag. Sogn og Fjordane skikrins er her mykje, og til helga har dei sommarskiskule for dei minste. Så rekrutteringa består.

Lang tradisjon

For dei som likar «nedoverski», blir det rapportert om gode forhold ved sommerskisentera Stryn, Juvass og Fonna også.

Fleire langrennslandslag har allereie langrennsforma ved like på Sognefjellet.

– Opp gjennom åra er det laga mange VM-medaljar her, humrar Fortun.

– Landslaga til Noreg har vore her og er allereie booka inn til neste år. Svenskane har vore her med nær 50 løparar i løpet av ei veke. I tillegg har Finland, Tyskland og folk frå USA gått på ski her, seier Fortun.

– Tøft når det står på

Skiføre i juni er likevel ikkje uvanleg for Sognefjellet. I 1993 førebudde det norske landslaget seg til OL på Lillehammer i september. Då kunne ein gå på ski heile året på Nord-Europas høgaste fjellovergang.

Allereie ved påsketider byrjar førebuingane til sommarsesongen. Dess mindre snø som lavar ned på vinteren, jo travlare blir dagane utover sommaren.

– Vi startar preparering på morgonkvisten og køyrer igjen i 15-tida før løparane har andre økta si. Så er det kveldskøyring og vi må legge på litt snø. Klokka blir fort midnatt og 01 før vi er ferdige. Det er ganske tøft når det står på.