Hopp til innhold

Her er dei ustabile fjella i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er det kartlagt 24 ustabile fjell. Fleire av dei kan skape store flodbølgjer om dei rasar ut.

Farlege fjell

I den norske katastrofefilmen «Bølgen», som hadde premiere før helga, utløyser eit gigantisk skred ei like gigantisk flodbølgje, som trugar med å utslette den idylliske turistbygda Geiranger. Filmen er basert på det ustabile fjellpartiet Åkerneset i Møre og Romsdal, eitt av fleire her i landet som er under kontinuerleg overvaking av ekspertar.

I Sogn og Fjordane er det fleire fjellparti som vil kunne utløyse ei flodbølgje dersom dei rasar.

– Men det er umogleg å seie når det vil kunne skje, seier Reginald Hermanns ved Norges geologiske undersøkelse (NGU).

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Joner i "Bølgen"

SKREKKSCENARIO: Storfilmen «Bølgen» viser skrekkscenarioet dersom ein av dei mange ustabile fjella i Norge skulle rase ut.

Foto: Fantefilm Fiksjon

Dyster historie

Lodalen 1936

BYGDA KNUST TIL PINNEVED: Biletet er frå 13. september 1936, då 74 menneske omkom etter at Ramnefjellet på vestsida av Lovatnet i Nordfjord raste ut.

Foto: Ukjent! / SCANPIX

Sogn og Fjordane er historisk det fylket i Norge der flest menneske har omkomme i fjellskred eller flodbølgjer skapt av fjellskred. Best kjende er ulukkene i Lodalen i 1905 og 1936. Til saman 134 personar måtte bøte med livet i dei to flodbølgjene.

Så seint som i 1983 og 1998 utløyste steinskred i Årdal og Hyllestad bølgjer som gjorde store materielle skader, heldigvis utan at liv gjekk tapt.

I ein NGU-rapport frå 2006 er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal rangert som dei to fylka i landet med høgast fjellskredfare.

NGU i årlig undersøkelse i Nord-Troms

EKSPERT: Reginald Hermanns ved NGU er ein av dei som held tett oppsyn med fjella sine rørsler.

Foto: Klemet Anders Sara / NRK

I Sogn og Fjordane blir 14 fjellparti overvaka med blant anna GPS og satellitt. To av dei, Stampa i Aurland og Ovriseggi i Vik, er kategorisert i den nest høgaste faregraden NGU opererer med.

– Men det finst mange ulike scenario på fleire av dei ustabile fjella, og det stor forskjell kor store flodbølgjene vil bli for kvart enkelt scenario, seier Hermanns.

Små rørsler, store konsekvensar

Med ei lengde på fire kilometer er Stampa i Aurland det største samanhengane fjellpartiet i Norge som viser spor etter rørsle. Dersom heile fjellet rasar ut vil ei flodbølgje på 80 meter kunne skylje inn over turistbygda Flåm.

Men det er skrekkscenariet og så store hendingar har ikkje skjedd i Norge sidan sist istid.

Det er berre er eit mindre parti på eit par hundre tusen kubikkmeter der faregraden er høg. Dette partiet flyttar seg i underkant av ein centimeter i året.

– På dei fleste målestasjonane kan vi ikkje registrere rørsler i det heile frå det eine året til det neste, seier Hermanns.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

GIGANTISK REVNE: Biletet viser sprekkar i Stampa i Aurland, det største samanhengande fjellpartiet i Noreg som er målt til å vere i rørsle.

Foto: Aurland kommune.

Ovriseggi i Vik er det fjellpartiet her i fylket som røyrer seg mest, om lag 2,5 centimeter horisontalt i året. Dette er uansett fire gonger mindre enn fjellet som spelar hovudrolla i «Bølgen».

– Utløpsanalysane viser at det ikkje vil treffe vatn eller hus. Difor er det høgt sannsyn for at det rasar, men konsekvensane er relativt låge, seier Hermanns.

Overvakar fleire fjell

Eit anna utsett fjellparti er Osmundneset i Hyenfjorden, eit stort område som har bevegd seg fleire titals meter sidan sist istid. I dag flyttar fjellet seg rundt fire millimeter i året.

I Høyanger er det fjellet Stopelen mange uroar seg for. Det er det ingen grunn til, meiner Hermanns.

– Der har vi målt i lang tid og der har vi null bevegelse, seier han.

Andre fjellparti som kan skape flodbølgjer er Viddalen i Aurland, Lifjellet i Hyllestad og Bærrføtten i Fjærland, for å nemne nokre.

Mann av huse

At farlege fjell engasjerer er kinobesøka eit prov på. Etter berre fem dagar er «Bølgen» sett av 186.540 nordmenn. I går vart det kjent at filmen òg er kandidat til å bli nominert til Oscar i kategorien beste ikkje-engelskspråklege film.

Torhild Vie, kinosjef i Førde

NORSK «BLOCKBUSTER»: Torhild Vie, kinosjef i Førde, er ein av fleire som opplever storinnrykk til framsyningane av «Bølgen».

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Også her i fylket har folk blitt lokka til kinosalane i hopetal.

I Førde var 1600 innom på dei fem første førestillingane, fleire av dei har vore heilt utselde. I Sogndal har kinoen selt i snitt 208 billettar på åtte førestillingar, også her var fleire av dei utselde.

– Det er lenge sidan vi har vore borte i noko slikt. Eg tippar filmen kan bikke 3000 billettar totalt. Det er eit høgt tal for oss, seier kinosjef i Sogndal, Tor Uglum.

I Florø ligg filmen på topp og hadde over 300 publikummarar på den best besøkte førestillinga. Kinosjef Ingvar Hopland trur nærleiken til det som utspelar seg på kinolerretet, er det som får folk til å gå mann av huse.

– Det er den vesle knyttneven du kjenner i magen, fordi du veit det faktisk kan skje her, seier han.