Her er dei mest populære treningsformene

FØRDE (NRK): Etter fleire år med veksande interesse for trening med personleg trenar, ser det ut til at gruppetrening no har teke over meir og meir.

POPULÆRT: Gruppetrening er på 2.-plass over treningstrendane for 2019.

– Gruppetrening er det eg anbefaler mest, om ein ynskjer å få mest ut av treninga, seier Andrea Katerin Vårdal Vie.

Andrea Katerin Vårdal Vie.

TRENINGSGLAD: Andrea Katerin Vårdal Vie er ofte med på gruppetimar, og meiner det er den beste måten å trene på. Både kjekt og motiverande.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

Ho har funne si treningsform, og tykkjer det er både motiverande og kjekt.

Skal me tru neste års treningstrendar – er ho ikkje åleine.

Treningstrendane er klare

Kvart år publiserer American College of Sports Medicine (ACSM) lista over det ekspertar innanfor ulike treningsområde , trur blir dei 20 største treningstrendane i 2019.

Dette er dei ti største trendane for 2019:

  1. Berbar treningsteknologi – som pulsklokke, skrittellar, GPS
  2. Gruppetrening
  3. Intervalltrening med høg intensitet (HiiT)
  4. Treningsprogram for eldre vaksne
  5. Kroppsvekttrening – ein brukar eigen kropp som motstand i styrketrening
  6. Trening med sertifisert trenar
  7. Yoga
  8. Trening med personleg trenar
  9. Funksjonell trening – der ein brukar styrketrening for å gjera kvardagen enklare
  10. Trening er medisin (EIM) – Trening som del av helsetilbodet til pasientar

Forfattarane bak lista sender ut elektroniske spørjeskjema til tusenvis av fagpersonar frå mange ulike land i verda, og lagar trendlista basert på dette.

I toppen er det få overraskingar, men gruppetrening skil seg ut.

Gruppetrening tilbake

På berre fire år har treningsforma hoppa frå å ikkje ein gong vere på topp 20, til ein 6.-plass til ein 2.-plass i år og neste år.

Instruktør Eli Gro Bergby Carlsen.

ENGASJERT: Eli Gro Bergby Carlsen er instruktør på Spenst og har arbeidd med gruppetrening i 20 år.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

– Gruppetrening er kjempepopulært, og me har alltid mange folk på desse timane. Det er kjekt å sjå at bransjen veks, seier Eli Gro Bergby Carlsen.

Ho har vore ansvarleg for gruppetimane på Spenst treningssenter i 20 år, og meiner særleg variasjonen i tilbodet er nøkkelen, i tillegg til gode instruktørar og ein god atmosfære med gruppa.

– Det er fint å få eit smil tilbake og kjenne på energien i rommet.

Topp tre

Topp tre på lista er “berbar teknologi”, gruppetrening og HiiT.

– Dette samsvarar veldig med det me ser og opplever på senteret, fortel dagleg leiar på treningssenteret, Kent Roger Engdal.

Kent Roger Engdal, dagleg leiar på Spenst treningssenter.

NØGD: Kent Roger Engdal er dagleg leiar på Spenst treningssenter, og ser att dei same trendane som er spådd for det komande året.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

Berbar teknologi er alt ein har på seg som måler og kan hjelpe deg å halde kontroll på puls, skritt, gps-rute osb.

Gruppetrening vert definert som trening med minst fem personar og ein instruktør. HiiT står for: høgintensitet intervalltrening.

– Pulsen skal opp, ein blir sveitt og god. Det er intensivt og varar ikkje ein time, men kanskje 30 minutt, forklarar Engdal.

Effektiv trening

Han meiner stikkordet er: mykje effekt på kort tid.

– Folk vil inn, ha ein instruktør, få vite kva ein skal gjere, gjere det og vera ferdig. Tidsklemma gjer seg tydeleg og me har stor pågang på særleg gruppetimane med instruktør, fortel han.

Gruppetime på Spenst treningssenter

IVRIGE: Det er stor pågang på gruppetimar med instruktør.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK