Hopp til innhold

Her er dei livreddande klea

Tysdag fekk fylkestinget sjå nærare på kolleksjonen av kle med innsydd refleks.

Arnstein Menes og Aleksander Øren Heen

STUDERER KLEA: Arnstein Menes og Aleksander Øren Heen (begge Sp) ser nærare på kolleksjonen av designklede med reflekselement.

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gro Caroline Flølo frå Farmhouse i Stryn var på plass under fylkestingsmøtet på Fylkeshuset i dag. Ho fortalde om arbeidet med pilotprosjektet REMERK frå oppstart og fram til ferdig kolleksjon.

Plagga har reflekselement som del av designet, noko som gjer jakkene godt synlege når det kjem lys på dei.

Pilotkolleksjonen frå Moods of Norway og Ricco Vero er stilt ut på Fylkeshuset, slik at både politikarar og tilsette i fylkeskommunen kunne sjå nærare på nyvinninga. Kolleksjonane vert etter planen å finne i butikkane frå hausten 2013.

Åshild Kjelsnes sin idé

Det fylkeskommunale trafikktryggingsutvalet er opphavet til prosjektet. Ideen og opptakten vart gjort av fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som leia utvalet på den tida. Ho tok kontakt med designmiljøa i Stryn, som fekk snøballen til å rulle. Seinare har Trygg Trafikk, Norsk Designråd og Reflexconsult også kome inn i biletet.

Montasje reflekskle

REFKESEFFEKT: Fotomontasje som viser kleda i vanleg dagslys og når det kjem lys (blits) på dei.

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune