Hopp til innhold

Tusenvis av flyktningar ventar på bustad – her er dei klare til å opne dørene

Trass i at Kommune-Norge busette rekordmange i 2014, er etterslepet enorm. I Solund, ein kommune som framleis ikkje har teke imot nokon, meiner ordføraren det er på tide å kome i gang.

Nordre Hjønnevåg i Solund

OPNAR DØRENE: Hittil har dei ingen, men den idylliske øykommunen Solund er klare til å ta imot sine første flyktningar. Det er det eit skrikande behov for i Norge.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Busetting er å kome i gang med livet. Det er det vi ønskjer. I første omgang at tolv personar skal få kome til Solund, busetje seg og kome i gang med livet, seier Ole Gunnar Krakhellen, ordførar i kommunen.

Solund er ein av kommunane i Sogn og Fjordane som no for første gang skal ta i mot flyktningar. Noko det er eit skrikande behov for i Norge.

Enormt etterslep skapar vanskar

Sjølv om kommunane busette rekordmange flyktningar med opphaldsløyve i fjor, rundt 8000, var det likevel 2000 som ikkje fekk ein heim.

Høgrebenken på fylkestinget

FORSIKTIG START: Ordføraren i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, seier dei i første omgang vil ta imot tolv flyktningar til kommunen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

I Solund har dei ikkje hatt moglegheit før no på grunn av bustadmangel.

– Det er nok heilt klart husværa som er den største praktiske utfordringa. Vi føler heile tida at det går framover, men det tek litt tid. Og dette må vi ha på plass og det må vere skikkeleg før vi kan ta imot flyktningar, seier Krakhellen.

Etterslepet frå i fjor gjer no at over 12.000 flyktningar treng ein stad å bu i år. Kommunane i Norge har sagt at dei berre er villige til å ta mot 8300 av desse.

Avgjerande å kome raskt ut i kommunane

Geir Barvik, direktør i integrerings- og mangfoldsdirektoratet, fryktar ventetida på asylmottaka vil bli altfor lange.

– Det er heilt avgjerande for den enkelte som får opphald og vern i Norge, at dei kjem så raskt så mogleg ut i kommunane. Å sitje passivt på eit mottak bidreg ikkje til å bli ein bidragsytar og kome ut i arbeidslivet i Norge, seier han.

Imdi-direktøren seier dei sårt treng fleire bustader til flyktningane

TRENG FLEIRE: Direktør i IMDI, Geir Barvik, meiner kommunane må ta enno større ansvar for etterslepet av flyktningar på mottaka som ventar på ein plass å bu.

Foto: Pål Knutsen

Ein av fem kommunar tar framleis ikkje imot flyktningar i Norge. Hadde fleire fylt kvoten IMDI foreslår, hadde køane vore langt mindre. Barvik meiner no at kommunane må ta meir ansvar.

– Det er viktig at kvar enkelt kommune ser på moglegheita for å ta imot fleire flyktningar, ikkje berre i år og neste år, men for åra framover, seier han.

Fleire bustader er nøkkelen

Helge Eide, direktør i KS, seier at det er mange kommunar som peiker på bustadmangel som ein av grunnane til at det er vanskeleg å plassere ut flyktningane.

– For mange kommunar er det ei utfordring, særleg i kommunar der ein ikkje har noko velfungerande leigemarknad i utgangspunktet, seier han.

Husbanken dekkjer opptil 40 prosent for å bygge og kjøpe utleigebustader til flyktningar i kommunane. Eide seier at dette ikkje er nok. For å busette fleire må kommunane få meir i statlege tilskot.

– No buset kommunane fleire flyktningar enn nokon gong tidlegare. Skal du greie å auke det ytterlegare, så trengst det auka rammer for å kunne byggje fleire bustader og auka tilskot, slik at kommunane får dekka kostnadene ved busetjing, seier han.