Her er dagens quiz – 31. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Eitt spørsmål hadde falle ut i quizen i dag, men det er no lagt inn. Vi beklager.

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) Ein MGP-junior vinnar frå Eid har nytta året til å spele inn låten «Hald mi hand» og auksjonerte i haust vekk ein konsert for 23.000 kroner til inntekt for Kirkens Bymisjon. Vi skal ha andre bokstav i artistnamnet på seks bokstavar.
  • 2) Kva innhald på fem bokstavar køyrde Gaular brannvern sin nye brannbil rundt med tidlegare? Vi skal ha andre bokstav.
  • 3) Iselin Solheim gjorde fleire kjempesuksessar saman med Alan Walker og i sommar kom singelen «Bathtub». Kvar låg Solheim då ho fekk ideen? Svaret er på ni bokstavar. Vi skal ha andre bokstav.
  • 4) Med kraftig vind og stengde vegar vart det ein dramatisk kveld og natt til 20. september i Askvoll. For fire personar vart det ekstra dramatisk då ein båt på fem bokstavar byrja å brenne og gjekk på grunn. Kva heitte båten? Vi skal ha fjerde bokstav.
  • 5) Kåre Hovland (74) frå Lærdal opna i haust siste brua på ein ti mil lang nyrestaurert turveg. Han vart også heidra for arbeidet han har lagt ned i den same turvegen. Vegen vart eigentleg bygt i 1793. Kva veg på ti bokstavar snakkar vi om? Vi skal ha første bokstav.
  • 6) For å takke det norske samfunnet laga Adam Dean noko svært få menn har gjort før han. Kva klesdrakt på ti bokstavar sydde han? Vi skal ha fjerde bokstav.
  • 7) Stad skipstunnel har vore ei varm potet i mange år. Eit stort selskap, som trafikkerer fast langs kysten, har lenge ikkje ville seie om dei skal bruke tunnelen eller ikkje. I haust tok dei bladet frå munnen og sa at dei ikkje vil bruke skipstunnelen. Kva selskap på 11 bokstavar skal vi fram til? Vi skal ha andre bokstav.
  • 8) I juni innvia ein verdskjend organist frå Notre Dame i Paris det største orgelet mellom Bergen og Ålesund. I kva kyrkje på seks bokstavar i Sogn, står dette orgelet? Her skal vi fram til andre bokstav.
  • 9) Daniel frå Høyanger var lei slitne gamle busskur langs vegane. Resultatet vart det han kallar verdas lengste samanhengande kunstutstilling. Kva er Daniel sitt ti bokstavar lange etternamn? Vi skal ha sjette bokstav.
  • 10) Hunden Odin er landets beste på sitt felt. Kva på ni bokstavar er det han snuser seg fram til? Vi skal ha tredje bokstav.