Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 30. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) Bård Vegar Solhjell frå Naustdal gir seg som generalsekretær i Verdas naturfond, for å bli direktør frå 1. januar. Kvar skal den tidlegare SV-politikaren bli direktør? Vi skal ha første bokstav.

2) Broder Ole frå Jølster er den siste norske munken av sitt slag. 75-åringen bur i Nederland, men kva orden tilhøyrer han? Vi skal fram til sjette bokstav.

3) Gamle Sogn og Fjordane fylke fekk verken fylkesordførar eller fylkesvaraordførar i Vestland fylke. Senterpartiet fekk fylkesordføraren i Jon Askeland, men kven er fylkesvaraordførar? Vi skal fram til femte bokstav i etternamnet.

4) Etter fleire gode renn i Europacupen, fekk ein alpinist frå fylket nyleg sitt første møtet med verdscupsirkuset. Det skjedde i franske Courchevel. Vi skal fram til fjerde bokstav i etternamnet til alpinisten.

5) I over 20 år har Real Ones gledd det norske konsertpublikumet. I november var NRK med då bergensbandet var tilbake der artisteventyret starta. I kva sunnfjordbygd held dei sin første konsert utanfor Bergen? Vi skal ha fjerde bokstav i stadsnamnet.