Her er dagens quiz – 29. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) I slutten av oktober plasserte Helse Førde noko under ei drone, og frakta dette kring to kilometer frå Førde sentrum til Førde sentralsjukehus. Kva vart frakta? Vi skal ha sjette bokstav.

2) Helikopterselskapet Nord opna i sommar ein ny base her i fylket. I kva kommune? Her må du ta med deg andre bokstav.

3) Hornindal kommune blir ikkje med gamle Sogn og Fjordane fylke over til Vestland fylke, men blir om få dagar del av Volda kommune og Møre og Romsdal. Likevel er det ein ting i alle fall Bottolf Grodås aldri vil kalle seg. Kva? Vi skal ha femte bokstav.

4) Årdal kommune er ikkje berre ein garantist for kraft og aluminium. I år har dei også lagt til eit eige punkt i helse- og omsorgsplanen der dei garanterer at ektepar eller sambuarar i Årdal rett til å bu saman på sjukeheim eller i omsorgsbustad. Kva heiter denne garantien? Vi skal fram til andre bokstav.

5) NRK kunne i sommar fortelje at Sogn og Fjordane er best budde på ei atomkrise. I dette ligg det at fylket har flest jodtablettar per innbyggjarar. Ifølgje Helsedirektoratet var det ein kommune her i fylket som ikkje hadde skaffa jodtablettar til innbyggjarane i risikogruppa. Kva kommune var det? Her skal vi ha tredje bokstav.

6) Bassist Bård Linga fekk ein sommarferie utanom det vanlege. Saman med bandet Bokassa turnerte årdølen med eit av verdas største heavy metal-band. Kva band varma dei opp for? Vi skal ha sjette bokstav.