Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 26. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) Cecilie Strand er ei av få som jobbar som navigatør – eller styrmann. Kva heiter ferja ho fører i Askvoll? Ferja har ni bokstavar og vi skal fram til den sjette.
  • 2) Malene frå Høyanger samla inn 30.000 kroner til MS-forbundet då ho i sommar sprang Sognefjorden på langs. Kva heiter Malene til etternamn? Namnet er på seks bokstavar. Vi skal ha tredje bokstav.
  • 3) Det eldste tredampskipet i Skandinavia gjekk på grunn ved Skjerjehamn i Gulen i august. Kva heiter skipet? Vi skal fram til sjette av sju bokstavar.
  • 4) Marte Paulsen frå Luster debuterte i sommar som skodespelar. Og ho reiste heller ikkje langt. Kvar vart teaterstykket «Det gule tapetet» spelt? Vi skal fram til nest siste av ti bokstavar.
  • 5) Kjartan Lauritzen frå Balestrand skildra det som det største han hadde gjort då han som siste artist gjekk av scena under ein musikkfestival i fylket. Festivalen har åtte bokstavar i namnet sitt. Kva heiter den? Vi skal ha første bokstav.
  • 6) Fyrvert Marit Steinsund fekk hakeslepp då eit skip på 11 bokstavar ankra opp utanfor Utvær fyr i Solund i sommar. Kva båt var dette? Vi skal fram til tiande bokstav.
  • 7) I slutten av juli landa Odd Borlaug (101) frå Vik ein fisk på 15,8 kilo. Faktisk den største som er teken i Vikja sidan 1980-talet. Kva fisk på fire bokstavar landa han? Vi skal ha fjerde bokstav.
  • 8) Fylkespolitikarane vil ruste opp fylkestingssalen på Leikanger for 12 millionar kroner før samanslåinga med Hordaland. Kva er namnet på denne salen? Vi skal ha sjette av ti bokstavar.
  • 9) Thure Lindhardt trengde ikkje lang tenketid på å takke ja til hovudrolla i filmen om Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup. Men kva dansk kriminalserie på fem bokstavar er Lindhardt mest kjend frå? Vi skal ha fjerde bokstav.