Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 24. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1. Nina Torvund frå Hyllestad fekk sportssjefen i sin idrett til å ta til tårene då ho som første norske jente vann junior-EM i sommar. Kva sport snakkar vi om? Ordet har sju bokstavar. Vi skal ha fjerde bokstav.
  • 2. Halldis Nedrebø og Bjørn Bergum i Sogndal har fått god hjelp frå utlandet med å dyrke fram druene til det dei håpar blir eit norsk vineventyr. Men kva land har dei fått hjelp frå? Vi skal ha første bokstaven i landet med seks bokstavar.
  • 3. Kva heiter den nye ungdomsserien som vart spelt inn på Firda vidaregåande skule på Sandane? Ordet vi skal fram til har seks bokstavar. Vi skal ha den første.
  • 4. Veninnene Johanna Myklebust, Ingegjerd Havro og Berit Gloppestad fekk i november nærkontakt med naturkreftene då dei overnatta på eit fyr. Veit du kva fyr? Ordet er på åtte bokstavar. Vi skal ha den sjuande.
  • 5. Under årets Sildabord i Florø fekk gjestene høve til å smake på eit heilt nytt sildeprodukt. Silda hadde namnet på ein av dei nye storkommunane i fylket. Kva kommune på fire bokstavar skal vi fram til? Vi skal fram til tredje bokstav.
  • 6. Ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich fekk i haust Kongens Fortjenstmedalje for innsatsen dei har lagt ned over ei årrekkje for ein spesiell musikksjanger. Kva sjanger? Vi skal ha femte, og siste, bokstav.
  • 7. I oktober demonstrerte tusenvis over heile landet mot moglege endringar av ei norsk lov. Kva lov? Vi skal ha den femte av ni bokstavar i ordet.
  • 8. Rektor Gunn Marit Haugsbø ved Naustdal ungdomsskule slo i haust alarm om ein app som vart brukt til mobbing. Kva heiter denne appen? Vi skal ha første bokstav. Ordet har åtte bokstavar.