Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 31. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular er samde om å slå seg saman. I intensjonsavtalen var kommunane også samde om eit namn, kva?
  2. Det var ikkje berre Anna og Vilde frå Eid som impoerte under MGP-juniorfinalen. Det gjorde også eit ungt band frå same kommune. Veit du kva dei heiter?
  3. Det var folkefest i Hyllestad då isbrytarane Normann og Pomor vart døypte i slutten av oktober. I kva land høyrer reiarlaget som kjøpte båtane heime?
  4. Sykkeltalentet frå Høyanger vart beste nordmann under VM i landevegsritt i oktober. Kva heiter han? Vi vil ha etternamnet.
  5. I Bergen har dei lenge hatt ein tradisjon for å byggje opp byen sin av dette i førjulstida. I Stardalen i Jølster har dei i år prøvd seg på noko liknande. Kva har dei brukt for å bygge opp ein miniatyrmodell av dalen sin?
  6. Kommunen har vel 800 innbyggjarar og tre kyrkjer. Husøy kyrkje og Hersvik kyrkje er to av dei. Kva heiter den tredje?
  7. Atle Steinar Solheim er Sogn og Fjordane sin kandidat til prisen Årets eldsjel som blir delt ut på idrettsgallaen om nokre dagar. Kva idrettslag har han vore leiar for i 22 år?
  8. Bryggekunst stod i fokus då ein ny festival i haust såg dagens lys i Hornindal. Veit du kva festival vi snakkar om?
  9. Aldri før har det vore så mange av desse i Sogn og Fjordane. I haust runda vi 110.000 kva for noko?
  10. Leikanger er ein av dei største fruktkommunane i Norge. Det er spesielt tre typar frukt det blir produsert mykje av her. Eple, pærer og kva for noko?
  11. Salet av fylket sine Fjord1-aksjar har vore eit brennheitt tema gjennom året. På seinsommaren fekk saka ein ende då fylkestinget bestemte seg for å selje til Havila. Kva heiter mediegaren som då endeleg kunne smile? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!