Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 30. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. NVE har bestemt seg for å overvake eit fjellområde over Aurlandsfjorden og Flåm kontinuerleg. Stampa er namnet på det store ustabile fjellområdet, men vi vil ha namnet på sjølve området som skal overvakast. Kan du det?
  2. Båt- og musikkfestivalen går føre seg på ein gamal handelsstad på kysten av fylket. I år feira festivalen 10 år. Veit du kva festival vi snakkar om?
  3. Jubelbrølet kunne nesten høyrast til Førde då Florø i oktober rykka opp til 1. divisjon. Trenaren hadde lova å ta med seg spelarane ein spesiell stad om dei klarte det, og med hjelp frå næringsliv og privatpersonar fekk klubben råd. Kvar reiste dei?
  4. Gro Marie Svidal frå Jølster var nominert til Folkelarmprisen 2016 i kategorien Solo. Kva heiter albumet ho var nominert for?
  5. Solrun Toft Iversen fekk i haust jobben som sjef for ein viktig kulturinstitusjon i fylket. Fullfør namnet, Sogn og Fjordane?
  6. Det vart store overskrifter då investoren i sommar varsla at han ville rive investeringar for ein kvart million kroner i Skjolden. Kva heiter investoren til etternamn?
  7. Over 80 personar aksjonerte i fjor vinter mot gruvedrift i Naustdal. I haust har har fleire av dei møtt i retten etter at dei nekta å betale bøtene dei fekk. Du har heilt sikkert fått med deg kva fjellet der det er planlagt gruvedrift heiter?
  8. Ein skule i Sogn fekk i vår Gullepleprisen for måten dei har brukt teknologi i undervisninga på. Veit du kva skule det var?
  9. «Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn». Denne songstrofa har du garantert fått med deg. Men veit du kva tekstforfattaren heiter? Vi vil ha førenamnet.
  10. Den unge musikkprodusenten frå Stadlandet gjer stor suksess saman med den svenske DJ-en Raaban. Låta deira Samsara er strøyma nesten 100 millionar gongar på Spotify. Veit du kva nordfjordingen heiter? Vi vil ha etternamnet hans.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!