Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 29. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Elleve månader etter at han gjekk frå stillinga som administrerande direktør i Fjord1, vart denne 56-åringen tilsett i jobben på nytt. Kven snakkar vi om? Vi vil ha etternamnet hans.
  2. Sogn og Fjordane Arbeiarparti har for fjerde gong nominert den same politikaren til førsteplassen på si stortingsvalliste. Vi vil ha førenamnet.
  3. 25 tilsette miste jobben då asylmottaket i Hyllestad vart lagt ned i haust. Veit du kvar i kommunen mottaket låg?
  4. I slutten av november gjekk store delar av eit hotell i fylket tapt i ein stor brann. Kva hotell?
  5. Terje Gilleshammer fekk i haust jobben som ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Veit du kva kommune han kjem frå?
  6. Det er i dag fire kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane. Tre av dei har etternamn som startar på bokstaven m. Vi vil vite namnet på administrasjonssenteret i kommunen til den fjerde kvinnelege ordføraren?
  7. Også i vårt fylke snik det seg stadig inn nye trekk i dialektene våre. I Florø har dei i over hundre år skarra på ein bokstav, og dette har sidan spreidd seg til andre delar av fylket. Kva bokstav snakkar vi om?
  8. Kommunen har fostra ein keeper i fotball som fekk 50 kampar på det norske landslaget. No er det ein vintersportutøvar som set kommunen på kartet. Kva heiter han? Vi vil ha førenamnet.
  9. Vegdirektør Terje Gustavsen var kry då han i sommar fekk stå for opninga av den historiske vegstrekninga mellom aust og vest. Kva veg snakkar vi om?
  10. Steinar Engelbrektson med band held framleis koken, og i vår kom dei ut med nok eit album. Veit du namnet på albumet?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!