Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 28. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Førde stod for ei skikkeleg cup-bombe då laget slo ut Brann i NM-cupen i fotball. Men i serien vann dei berre fire kampar, og det enda med nedrykk. Fekk du med deg namnet på den tidvis utskjelte trenaren deira? Vi vil ha førenamnet hans.
  2. I haust har NRK sendt den andre sesongen av serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som er produsert av NRK Sogn og Fjordane. Du har heilt sikkert fått med deg at det er ein staut sogning som er programleiar, men veit du etternamnet?
  3. Stadnamn er noko folk her i fylket har eit nært forhold til. Innbyggjarane i Nistevegen vart difor rasande då kommunen tidlegare i år ville endre namnet på vegen deira. Veit du kva kommune Nistevegen ligg i?
  4. Orgelet i kyrkja vart nyleg restaurert for over to millionar kroner. Ein månad før jul vart både det og kyrkja utsett for omfattande skadeverk etter at ein rusa mann braut seg inn. Kva kyrkje er det snakk om?
  5. Ei 18 år gamal jente frå Dale blir den yngste spelaren i den norske EM-troppen i handball. Kva heiter ho? Vi vil ha førenamnet hennar.
  6. Sogn og Fjordane kan tilby turistar og tilreisande overnatting ved både fjell og fjord. I vår opna hotellet som ligg i det vestlegaste øysamfunnet i fylket, og i Norge. Veit du kva hotellet heiter?
  7. Florø Drill var berre eitt poeng frå ei pallplassering i ein stor meisterskap i England i haust. Veit du kva meisterskap det var?
  8. Den bratte turen over dette skaret var i tidlegare tider ein mykje nytta ferdselsveg mellom Jølster og Fjærland. No er stien tilrettelagd for at endå fleire skal kunne ta turen. Kva heiter skaret?
  9. Utstillinga med bileta til jølsterkunstnaren Nikolai Astrup fekk kunst-fiffen i London til lå gå mann av huse i vår. Fekk du med deg kva det verdskjende kunstgalleriet heiter?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!