Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 27. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kaptein Tore Hillersøy og resten av mannskapet brukte 12 timar på å hale i land den spesielle fangsten. Dei jobbar på den einaste båten som har lov å fiske etter denne fisken i Norge. Kva type fisk snakkar vi om?
  2. Fotballspelaren frå Stryn starta 2016 i danske Silkeborg, før han i august skreiv under for Fredrikstad. Etternamnet deler han med to onklar som har spelt på landslaget. Kva heiter han til førenamn?
  3. Anna Herland var den første kvinnelege ordføraren i Sogn og Fjordane. Då ho vart vald til ordførar i 1955, var det berre to andre kommunar i landet som hadde kvinneleg ordførar. Det var Utsira og Lillehammer. Veit du kva kommune i fylket ho var ordførar i?
  4. Fylkesveg 55 går i dag rundt ein vel fire kilometer lang fjordarm på vegen mellom Dragsvik og Balestrand. Politikarane i kommunen skal snart bestemme seg for om vegen i framtida i staden skal krysse fjorden med bru. Kva fjordarm snakkar vi om?
  5. Brua vart opna av Kong Olav i juni 1974. På den tida var brua den lengste i Norge med ei lengde på 1224 meter. I dag er brua ofte stengd i sterk vind. Kva heiter brua?
  6. Høyanger-selskapet Sogn Aqua satsar stort på landbasert kveiteoppdrett. På sørsida av Sognefjorden har dei no bygd eit gigantisk anlegg i ei lita jordbruksbygd. Veit du kva bygda heiter?
  7. Nordfjordingen var ifølgje tal frå Skattedirektoratet den største skatteytaren i Sogn og Fjordane i fjor. Verksemda hans sysselset vel 250 personar og har berre Rema 1000 som kunde. Veit du kven vi snakkar om? Vi vil ha etternamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!