NRK Meny
Normal

Her er Bolstad si bot og betring-liste

Jon Bolstad har flytta kontoret sitt opp til sentralsjukehuset. Heretter skal han og leiinga ete lunsj saman med andre tilsette i kantina.

Jon Bolstad

LUNSJ I KANTINA: Administrerande direktør Jon Bolstad i styremøte fredag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det er to av tiltaka som administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde set inn mot uroa i helseføretaket.

– Eg har valt å flytte kontoret mitt opp til sentralsjukehuset for å sitje tettare på leiarar og andre, sa Jon Bolstad under styremøte fredag.

Fleire tiltak

Han la fram kva som er gjort av tiltak etter granskinga av Helse Førde i vinter. Granskinga vart sett i verk etter varslarsaka mot dåverande viseadministrerande direktør Vidar Vie, og mistilliten frå 10 fagforbund mot den sitjande føretaksleiinga. Granskinga enda med mild kritikk av føretaksleiinga.

– Det låg i vedtakspunkta sin natur at vi skulle følge opp elementa som gjekk på varslingssaka. Det er avslutta, sa Jon Bolstad under styremøte.

Som kjent gjekk viseadministrerande direktør Vidar Vie over i ei anna stilling i vinter.

Nokre av tiltaka som er gjort etter granskinga:

Tiltak Helse Førde

GJORT: Dette er sett i verk etter kritikken som kom fram i granskingsrapporten.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
  • Sakslister og møtedokument blir meir tilgjengeleg
  • Bolstad flyttar kontoret frå Førde sentrum til sentralsjukehuset
  • Stadlege leiarar i Lærdal og Eid med i føretaksleiinga
  • Leiinga skal ete lunsj saman i kantina
  • Sjå bildet for fleire tiltak

– Ingenting har vore hemmeleg, men vi har aldri hatt eit system der saklister har ligge ute. No har vi nytt intranett i Helse Vest. Møtedokumenta kjem der, og tilsette kan følge med, sa Bolstad.

Han la til at Helse Førde også er Lærdal og Eid. Dei stadlege leiarane der er no formelt ein del av føretaksleiinga.

Følgande skal gjerast vidare:

Tiltak Helse Førde

SKAL GJERAST: Fleire tiltak er på veg.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
  • Informere meir før og etter møte i føretaksleiinga
  • Nye nettsider for pasientens helseteneste
  • Enklare prosjektmetodikk
  • Sjå bildet for alle tiltaka

– Med bakteppe i kritikken i rapporten og påstandar som kom opp, var det naturleg å høyre kva dei ulike leiarane meiner, sa Bolstad, og forklarte at han har hatt samtalar med alle avdelingssjefane i medisin og kirurgi.

Tilbakemeldingane frå leiarane:

Tiltak Helse Førde

KLARE MELDINGAR: Tilbakemeldingane frå mellomleiarane og leiarane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
  • Leiargruppa står ikkje samla og manglar innsikt
  • Opplever delar av granskingsrapporten som feil
  • Dårleg stemning gjer noko med motivasjonen
  • Mykje «skuling» på kvarandre
  • Sjå alle tilbakemeldingane i bildet

Ulike røyndomar

Fleirtalet i styret i Helse Førde stemte fredag for sjå framover og avslo eit framlegg frå tilsetterepresentantane om ny, ekstern gransking av uroa i Helse Førde.

Vedtaket kom etter eit tilsvar til granskingsrapporten frå legeforeiningane, der dei bad om «radikale endringar» i føretaksleiinga.

Med vedtaket har Jon Bolstad tillit hjå styret i Helse Førde.

Men uroa boblar. Dei seks Helse Vest-oppnemnte representantane stod mot dei fire tilsetterepresentantane. Og det er to ulike bilete av røyndomen.

– Vi som er ute i organisasjonane får ein annan input enn resten av styret. Eg blir veldig bekymra når eg ser dei alvorlege tilbakemeldingane som leiarane har gitt administrerande direktør, sa tilsetterepresentant Hans Jacob Westbye.

Styreleiar Agnes Landstad såg heilt annleis på det.

– Eg meiner dette er eit godt teikn. At ting som dette blir uttalt og at det blir formidla. For meg er det eit signal om tryggleik og tillit, sa Landstad.

Styre i Helse Førde

MINDRETAL: Fire tilsetterepresentantar vann ikkje fram i styremøte fredag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.