Hopp til innhold

Her kan du høyre Åshild sine påskefavorittar

Danske popviser, gamaldans og tysk kraftrock pregar spelelista til fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Her kan du høyre hennar favorittar.

Åshild Kjelsnes sine påskefavorittar

FAVORITTMENN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er godt gift, men har mange musikalske favorittmenn. Bak f.v. Die Toten Hosen, Sven Nyhus, Kim Larsen og Franck Pourcel.

Foto: arkiv / NRK / Scanpix

Fylkespolitikkens fremste tillitsvalde er ikkje framand for å dele sine favoritt-påskelåtar med lesarane.

– Kvar melodi har si eiga historie og minner frå påsken for meg, seier Åshild som vonar ho får sjansen til å slappe av med god musikk også denne påskeveka.

Her er hennar sju favorittlåtar for påska:

  • Kim Larsen og Bellami, Flyvende sommer

Det er 1. påskedagsminner på veg heim frå fjellet.

  • Sven Nyhus orkester, Kari-Pers polska

Den er kjend frå NRK P1-programmet Påskelabyrinten med Viggo Valle.

  • Paul Simon, Late in the evening

Minner frå matkø under påskelunsjen på Golsfjellet i strålande sol.

  • Zehn kleine Jaegermeister, Die Toten Hosen

Dette er mi tyske favorittgruppe, mykje spelt i bilen!

  • Daydream, Frank Pourcels orkester

Dette er kjenningsmelodien til fjellvettreglane.

  • Mimix, California Blue

Danseband som spelte til dans i påska på Storefjell

  • Å salige stund uten like

Den finaste påskesalmen frå barndommen