NRK Meny
Normal

Her er alt som er att av traileren

Den utbrende traileren vart i ettermiddag frakta ut av ulykkestunnelen i Gudvangen.

Viking Lærdal frakta ut den utbrende traileren frå Gudvangatunnelen. No skal traileren til Lærdal på vdiare undersøkingar.

HER ER VRAKET: Slik vart den utbrende traileren sjåande ut, etter at flammane hadde herja frå seg. Video: Johan Moen, NRK

Artikkelen er flere år gammel.

– Det var ein grei jobb å få han ut. Men utan hjul, så vart det mykje bråk og gneistar, fortel Anders Frydenlund i Viking Lærdal.

Firmaet hans har fått oppdraget med å rydde tunnelen, etter brann- og røykinfernoet som herja Gudvangatunnelen på E16 måndag. Først har dei frakta ut branntraileren.

– Førebels har vi berre teke ut semitraileren som har brunne. No må vi vente på sikringsarbeidet. før vi kan hente ut noko meir, seier han til NRK.no.

Saman med kollegaene sine jobbar han tysdag kveld med å få den mange tonn tunge semitraileren opp på ei tralle, for deretter å frakte vraket til Lærdal. Der ventar nye undersøkingar av fagfolk.

Tidlegast onsdag kan dei gå inn igjen i tunnelen og hente ut dei resterande køyretøya der inne.

– Er det mykje arbeid?

– No er det berre att personbilar, ein buss og ein semitrailer. Nesten alle er køyrbare. Så det er eigentleg berre å få tak i nøklane og køyre dei ut – med nokre få unnatak, seier Frydenlund.

– Berre nokre få bilar er krasja og fastkøyrde, seier han.

Vraket er ute av Gudvangatunnelen
Foto: Johan Moen / NRK
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar