Hopp til innhold

To avhøyrde etter skadeverk og tjuveri

LANGELAND (NRK): Ein mann i slutten av tenåra og ein i tjueåra vart i morgontimane i dag arrestert etter at dei stal ein firhjuling og knuste fleire ruter på eit skisenter.

Land Rover i haustsol på Langeland

POPULÆRT SKIOMRÅDE: Langeland er eit mykje brukt skiområde i Sunnfjord, men det er ikkje meininga at folk skal køyre der med bil

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bilen karane køyrde i, sat fast i skisporet, og dei prøvde å få han ut.

Litt over klokka ni måndag føremiddag fekk politiet melding om at to personar hadde køyrd seg fast i løypenettet på Langeland skisenter i Sunnfjord. Operasjonsleiar i politiet, Olaug Holme, fortel at dei to no sit i avhøyr ved lensmannskontoret i Førde.

Bilen står fast midt i skiløypa på skisenteret på Langeland, fleire kilometer inn i løypa. Ungdomane skal altså ha kome seg eit godt stykke i skisporet, men har etter kvart sett seg fast.

Dei to ungdomane skal ha forsøkt på fleire ulike ting for å få bilen laus. Dei skal ha prøvd å bryte seg inn i garasjen til trakkemaskinane, og då det ikkje gjekk skal dei ha stole ein firhjuling. Begge forsøka var likevel mislukka, og då politiet kom til staden sat bilen framleis fast i skisporet.

– Politiet har vore på staden og henta inn dei to for avhøyr på Førde lensmannskontor. Det er etter at det har vore stole ein ATV og gjort noko skadeverk på skisenteret, seier Holme hjå politiet.

Ho fortel at politiet ikkje har meir informasjon enn at dei to har køyrd med bil i løypenettet.

Ein bil i skiløypa på Langeland

BOMTUR: Dei to ungdomane kom seg eit godt stykke ut i skiløypa på Langeland, men her vil ikkje bilen meir.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det ser ut som at bilen har blitt køyrd fast og at dei så har forsøkt å få den laus. Eg har ikkje kjennskap til kven som eig ATV-en eller kor stort skadeverket er. No skal dei to avhøyrast og så blir dei vel dimittert etterpå.