Hopp til innhold

Her dyrkar ho tusenvis av smakfulle druer

FLORØ (NRK): Det byrja med ein einsleg ranke for tretti år sidan. No bognar det av druer i drivhuset på Krokane Gard i Florø.

Randi Oddveig Rønnekleiv Melvær

VEKS FORT: Druene trivst godt i drivhuset til Randi Rønnekleiv Melvær i Flora.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Ho har alltid likt å prøve nye ting, så då familien skaffa seg eit drivhus for tretti år sidan, stod druer høgt på ønskjelista. I dag heng dei i tunge klasar.

– Det er vel rundt 100 kilo druer på i år, seier Randi Rønnekleiv Melvær.

Treng lite stell

Det meste av det går rett i magen på vanleg vis, men ho har og prøvd å lage sylte av dei. Melvær tykkjer det er kjekt å kunne gje vekk druer i gåve til vennar og kjente.

– Du kan ta med eple og plommer, men druer det er litt spesielt synst eg, seier ho.

Ikkje få av dei som kjem innom blir overraska over at det i det heile let seg gjere.

– Dei blir opp i under, det må eg kunne seie. Men eg trur ikkje eg er den einaste, det er råd å dyrke druer ute òg, seier ho.

– Kor mykje kjærleik må til for å få dette til?

– Eg klipper og stussar på dei, og gjødsel må til. Men det er ikkje så veldig mykje stell, seier ho.

Druer i Florø

STOR AVLING: I år ventar Melvær å få ei avling på 100 kilo.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Rakkarar på ferde

Men ho oppmodar folk til å ha tolmod den første tida, viss dei skulle bli freista til å prøve det same. Og så må du passe på at ikkje uvedkomande stikk av med første avlinga.

– Det første året kom det ikkje noko. Det andre året kom det éin klase. Den gjekk eg å venta på og gledde meg til å smake på. Men plutseleg var han vekk, fortel Melvær.

Dei umodne druene vart funne på bakken like ved. Det viste seg at det var sonen i huset og ein nabogut som hadde vore på slang. Dei hadde nemleg høyrt at du får rosiner av å tørke druer i sola.

– Då vart ho mor skuffa, for då måtte eg vente eit heilt år på å smake på druene mine igjen. Men etter det har det vorte rikeleg, så det er berre eit godt minne.