Hopp til innhold

Her dumpar dei restbetong ved fjorden

– Dette er spesialavfall og skal ikkje leggast i naturen slik som dette.

Restebetong og slam blir dumpa på eit næringsområde i Vågsøy.

TØMMER: Restebetong har ved fleire høve blitt dumpa på området.

Foto: NRK.no-tipsar

Knut Ove Leite

VURDERER: Rådmann Knut Ove Leite konstaterer at det er plastfibrar i restbetongen. – Dette skal ikkje dumpast. Då kan det hamne i sjøen, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Rådmann Knut Ove Leite i Vågsøy, ser alvorleg på at det ved minst to høve er blitt dumpa betongrestar i sjøkanten.

Det er Vågsøy Ferdigbetong AS som nyleg er observert medan dei tømmer betongrestar med plastfibrar i fjæra.

I februar i år vart det kjent at Vågsøy Ferdigbetong hadde dumpa restbetong ved sitt eige anlegg i Vågsvåg, då lova dei bot og betring.

No har det skjedd igjen:

– Vi har vore borti slike saker tidlegare. Vi vil kontakte ansvarleg for tiltaket og vurdere å melde det til politiet, seier rådmannen.

Gjentakande

Plastfibrar i restebetong dumpa i Vågsøy.

FIBERRESTAR: Etter at NRK kontakta kommunen, fann dei plastfibrar i betongrestane som er dumpa på eit industriområde mellom Vågsøy og Raudeberg.

Foto: Vågsøy kommune

NRK har bilete som viser at det både førre torsdag og måndag denne veka vart tømt restbetong. Området det gjeld ligg mellom Raudeberg og Måløy, og skal opparbeidast til industriområde. I utgangspunktet med steinfylling.

Restar tyder på at aktiviteten har vore gjentakande.

– Denne mengda er relativt beskjeden, men vi har lang strandlinje og prøver å følgje opp at utfyllingar skjer på lovleg vis, seier Leite.

– Vi vil kontrollere dette opp mot den som er ansvarlege for fyllinga, seier Leite.

Betongslam i sjøen i Vågsøy.

SLAM: Det er tydeleg at restar frå betongen hamna i sjøen.

Foto: NRK.no-tipsar

Har fått løyve, men ...

Eit selskap kan deponere betongavfall på land, men då etter ein plan godkjent av kommunen. Det er ikkje tilfellet her.

Området er eigd av Skårastranda AS. Lokalpolitikar Even Halsør er mellom eigarane. Han seier det i utgangspunktet skal fyllast ut med stein, men at Vågsøy ferdigbetong har fått løyve til å fylle restbetong i området.

Restbetong tømd i Vågsøy.

TYDELEG: Vågsøy kommune tok dette biletet etter at NRK var i kontakt med dei tysdag.

Foto: Vågsøy kommune

– Dei har ikkje fått lov til å fylle så det går i sjøen. Kva som er i betongen er ikkje avtala på detaljnivå, men eg vil påstå at dei har ansvar for å følgje retningslinjene, seier han.

– Dette er ikkje bra

Halsør var sjølv på området tysdag og konstaterer at det er ei tømming med plastfiber.

– Kva tenkjer du om det?

– Det er ikkje bra. Vi er ikkje interessert i å ha ting som ikkje skal vere der. Ein må halde seg til lovverket.

– Kva gjer de no?

– Dei må sjølve stå inne for kva dei tømmer, så eg vil kontakte verksemda og be dei rydde opp etter seg for eiga rekning. Det ser heldigvis ut til å ikkje vere store mengder.

Andre gong

Seksjonsleiar Gøsta Hagenlund ved fylkesmiljøvernavdeling i Sogn og Fjordane, seier at betongrestar skal leverast tilbake til godkjend stad.

Fylkesmannen har eit ope tilsyn mot verksemda frå i fjor, etter at dei avdekka kritikkverdige tilhøve.

Betongbil blir spylt etter dumping av restebetong.

SPYLER: Betongbilen blir spylt rein ved industriområdet.

Foto: NRK.no-tipsar

– Betong er sterkt basisk og kan innehalde mange ting som ikkje skal vere i sjøen, både kjemikaliar og plastarmering, seier Hagenlund på generelt grunnlag.

NRK har dei siste dagane gjort ei rekkje forsøk på å få ansvarlege i Vågsøy ferdigbetong i tale utan å lukkast.