Hopp til innhold

Her driv borna sin eigen kafe

STRYN (NRK): Hopland og Randabygd er perfekte turistmål med sine bratte gardar og vakre fossar. Grenda har manglar likevel både kafe og butikk, men no har ungdomen teke ansvar

kafe

SAMLINGSPUNKT: Sjøkanten kafe har vorte eit samlingspunkt for den vesle bygda Hopland og Randabygd

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– I fjor hadde vi ein omsetnad på over hundre tusen kroner. Det varierer veldig, men på dei beste dagane har vi fått inn over 10.000 kroner. det seier Rasmus Tvinnereim.

Den vesle bygda langs nordfjorden har korkje butikk eller kafe, men med sine naturskjønne omgjevnadar får ho likevel mange besøkjande. Då tykte dei lokale ungane at det var for gale at ein ikkje kunne tilby noko til dei som kjem på vitjing.

hopland

VAKKERT: Hopland og Randabygd ligg vakkert til langs nordfjorden

Foto: Commons

– Eit flott tilskot til bygda

Ungdommen som står bak kafeen er aktive i den lokale 4H-gruppa. Kafeen, som dei kallar sjøkanten kafe, fungerer også som utsalsstad for suvenirar og handverksgjenstandar.

Både tilreisande og bygdefolket veit å setje pris på tilbodet.

servering

NØGD: Bodil Rand er frå bygda, og likar godt kafeen som ungdomane har stelt i stand

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi prøver å vere her så ofte vi kan, og når vi får besøk av feriegjester er det noko av det kjekkaste eg veit å ta dei med hit og vise kva vi har i bygda, seier Bodil Rand.

Held ope kvar dag

Kafeen heldt ope kvar dag i fire veker, og overskotet går rett i lomma på ungane. Slik blir det ikkje berre eit godt tilskot til bygda, men ein kjekk sommarjobb.

– Det er kjekt å få vere med på å lage mat og vere med i kafeen, men det er jo mykje styr og med alt som skal gjerast, seier Malene Hopland.

mat

EINASTE KAFE PÅ FLEIRE MILS AVSTAND: ungdomane står på med matlaginga i det som er den einaste kafeen i området

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Nokre gonger er også sjøkanten kafe omgjort til restaurant, og då kan dei få over seksti kundar på ein gong. Den kombinerte skulen og samfunnshuset som dei nyttar som kafelokale har altså god plass.

gjenstandar

SUVENIRAR OG HANDVERK: ein kan få kjøpt meir enn berre mat på sjøkanten

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Uteservering med fjordutsikt

Det er vel heller ikkje mange kafear som kan skilte med ein like imponerande utsikt, høgt oppe i dei bratte liene har ein eit flott utsyn over bygda og fjorden.

– Når vêret er godt har vi også uteservering, seier Rasmus Tvinnereim.

Barn som lager mat. Naturbilder fra Hopland og Randabygd. Barn som forklarer hvordan arbeidet på kaféen er. Barn som serverer mat. Uteservering med utsikt.

SJÅ VIDEO: Kafeen heldt ope kvar dag i fire veker, og overskotet går rett i lomma på ungane.