NRK Meny
Normal

Her dreg dei fisk for harde livet

MÅLØY (NRK): Dei fiskar for å vinne, men deltakarane på Måløy havfiskefestival har godt humør uansett kva dei får på kroken.

Roar Sandvoll

– Det er utruleg moro. Det er jo difor vi driv på, seier Torunn Handeland.

Ho er tidlegare leiar i Havfiskeforbundet og ein av Norges beste havfiskarar. Denne veka har ho saman med mange andre fiskeglade nytt fine dagar i Måløy.

Eg er interessert i fiske, og det er mykje av grunnen til at eg driv på. Og så har eg vore med ei stund, så det går litt på erfaring også. Og så må ein kose seg, seier Handeland.

Handeland og medfiskarane på båten Dragon har tre dagar bak seg på fiske.

– Vi har lege på 110 til 160 meter og trekt sei, så det har vore ganske tungt. Men det har vore utruleg fint, seier Handeland.

Har ein ikkje nok musklar, må ein vere sta

Konkurransen er delt inn i klassar for kjønn og alder. Fisken må dragast om bord med eiga kraft, men ein kan få hjelp til sjølve kleppinga.

– Det vi ikkje får til med muskelkraft, tek vi att med staheit, seier Handeland.

Det er femte året Måløy Havfiskefestival vert arrangert, og i år var det rekord i talet påmelde i bedriftsklassen med nær 100 fiskarar.

Thomas Madsen var ein av dei som deltok på bedriftslaget til Dombstein, men dessverre utan å nå heilt til topps.

– Vi skulle ha vunne, for vi mista ei kjempestor kveite. Den må ha vore opp mot 100 kilo. Vi legg jo alltid på på ei god fiskehistorie, ler Madsen.

Andreas Tandberg deltok også i same klasse, men fekk ikkje noko anna enn ei sjøpølse.

– Eg er utruleg nøgd med det. Som austlending klarar vi berre det vi klarar, seier Tandberg og smiler.

Rekordmange påmelde

Dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival, Sunniva Oldeide, fortel at dei også har notert ny rekord i talet påmelde i folkeklassa.

– Vi hadde 20 påmelde i fjor, medan det i år er 60 påmelde. I folkeklassen konkurrere dei om å fiske den største fisken, og så langt er den største ei lange på 7,6 kilo, seier Oldeide.

I barnefiskekonkurransen deltok 60 born.

– Oppslutnaden har vore overveldande. Vi har vore heldige med vêret også, og torget har vore fullt kvar einaste dag sidan vi opna, seier Oldeide.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote